Kundeservice IT-medarbeider
Helse Vest IKT
Bjørnsons gate, 5052 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Kundeservice IT-medarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. august
Har du lyst å løyse datautfordringar og få ein sterk start i Vestlandets største IKT‑selskap?
Hos Kundesenteret jobbar du med 1. linje teknisk brukarstøtte for alle PC‑brukarar i Helse Vest. Vi handterer førespurnader via telefon, web, e-post og løyser to av tre saker ved første kontakt.
Du blir del av ein kompetent servicedesk som jobbar etter ITIL sin Incident Management‑prosess, i eit miljø prega av samarbeid og læring.
Arbeidstid mellom 07:00 - 16:00 (Mulighet for turnus etter endt opplæring)
Søknadar utan vitnemål vert ikkje vurderteArbeidsoppgåver
- 1.linje support, betening av førespurnader per telefon, web og e-post
- Feilsøking på utstyr og programvare via fjernstyring
- Dokumentere/logge alle førespurnader i vårt saksbehandlingssystem (Assyst)
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt per telefon
- Krav til flytande norsk munnleg og skriftleg
- IKT utdannelse
Personlege eigenskapar
- Empati, og evne til å forstå brukaren sine utfordringar
- Problemløysande tilnærming til verda
- Målretta og resultatorientert
- Gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team
- Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Påliteleg
Vi tilbyr
- Eit høgt fokus på personleg og fagleg utvikling
- Fellesskap med motiverte, inkluderande og kunnskapsrike kollegaer
- Eit godt sosialt miljø, med blant anna eigen kaffiklubb og Brettspillklubb
- Gode arbeidsverktøy
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsvilkår
Om bedriften
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5185a392-25ee-42f4-9945-65f7f50c9093
- Sist endret
13. juli 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
469438971