Hopp til innhold

Avdelingsleiar sluttbrukerutstyr

Arbeidsgiver

Brukernær støtte og tjenesteutvikling, Helse Vest IKT

Sted

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar sluttbrukerutstyr
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 27. august

 Vil du leie eit av dei mest sentrale områda for digital arbeidsflate i spesialisthelsetenesta?

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til sjukehusa i Helse Vest og bidreg til at helsepersonell har teknologi som støttar trygg og effektiv pasientbehandling. No søkjer vi ein erfaren leiar til stillinga som avdelingsleiar for Avdeling sluttbrukarutstyr.

Avdelinga har eit sentralt ansvar for å levere og forvalte standardisert IKT-sluttbrukarutstyr til medarbeidarane i helseføretaka, og for å vidareutvikle tenestene knytte til dette. Gjennom sikre, stabile og effektive tenester skal avdelinga bidra til at klinisk og administrativ verksemd har tilgang til moderne arbeidsverktøy som understøttar pasientbehandling og drift.

Vi søkjer ein avdelingsleiar som kan kombinere strategisk forståing med operativ gjennomføring, og som evnar å skape retning, samhandling og resultat. Du vil leie gjennom leiarar og ha ansvar for tenester som dagleg blir nytta av tusenvis av medarbeidarar i regionen. Du får ei sentral rolle i å sikre heilskapleg styring og vidareutvikling av området sluttbrukarutstyr – frå anskaffing og livssyklusforvaltning til utrulling, lokal brukarstøtte og kontinuerleg forbetring.

Vi ønskjer at du i søknaden beskriv kva som motiverer deg for stillinga, og korleis du vil bidra til å vidareutvikle tenestene og organisasjonen til beste for sjukehusa.

Stillinga rapporterer til divisjonsleiar og inngår i leiinga i divisjonen.

Arbeidsstad er Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde.


Arbeidsoppgåver

  • Leie, utvikle og forvalte avdelinga sine tenester i tråd med strategi, behov og prioriteringar i helsetenesta.
  • Sikre stabile, sikre og framtidsretta leveransar av IKT-sluttbrukarutstyr og lokal brukarstøtte ved sjukehuslokasjonane.
  • Omsetje strategiske mål til konkrete prioriteringar, planar og kapasitetsstyring for avdelinga.
  • Ha overordna ansvar for anskaffing, lagerstyring, livssyklusforvaltning og standardisering av sluttbrukarutstyr.
  • Sikre effektiv forvaltning av klient- og arbeidsflateplattformar, inkludert utrulling, standardisering og kontinuerleg modernisering.
  • Følgje opp tenestekvalitet, SLA-ar, risikostyring og kontinuerleg forbetring av tenestene.
  • Leie og utvikle underliggjande leiarar og sikre felles retning, struktur, prioriteringar og praksis på tvers av fagmiljø og geografiske lokasjonar.
  • Tydeleggjere ansvar, forventningar og grensesnitt mellom seksjonane, og bidra til betre samhandling, heilskapleg prioritering og felles gjennomføring på tvers av avdelinga.
  • Sikre godt samarbeid med helseføretak, kliniske miljø, plattform-, drifts- og sikkerheitsmiljø, samt eksterne leverandørar.
  • Utøve heilskapleg og forpliktande leiing i tråd med vedtak fatta på selskapsnivå, og sikre etterleving i avdelinga.
  • Ha overordna ansvar for økonomi, ressursstyring og personaloppfølging i avdelinga.

Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • høgare relevant utdanning. Relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit kan kompensere for manglande formell utdanning
  • leiarerfaring frå komplekse verksemder
  • kompetanse innan ITIL-prosessar, hendingshandtering, SLA-oppfølging og kontinuerleg forbetring
  • dokumentert evne til å byggje relasjonar, handtere ulike interessentar og skape samarbeid på tvers av organisasjonen
  • god forståing for informasjonssikkerheit, personvern og krav til trygg handtering av sluttbrukarutstyr
Det er ønskjeleg at du har:
  • erfaring med ansvar for leiarar og større fag- eller tenesteområde
  • erfaring med anskaffing, lagerstyring og livssyklusforvaltning av standardisert IKT-sluttbrukarutstyr
  • god forståing for klient- og arbeidsflateforvaltning, inkludert endpoint-styring, utrulling og standardisering av klientmiljø
  • erfaring med å leie tekniske fagmiljø og leiarar med ansvar for fjern- og lokal brukarstøtte i større verksemder
  • god forståing for sjukehusa sine behov, avgjerdsprosessar og korleis tenestekvalitet, risikostyring og kontinuerleg forbetring bidreg til trygge og verdiskapande tenester. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er resultatorientert, set tydelege mål og har sterk gjennomføringsevne
  • tek velgrunna avgjerder og står støtt i dei – også når dei er krevjande
  • har god forståing for verksemda sitt samfunnsoppdrag og ser tenestene våre som del av ei større heilskap
  • evnar å balansere dei strategiske hovudlinjene med dei viktige operasjonelle detaljane
  • leier og arbeider konstruktivt også under press, og står støtt når du møter motgang
  • er ein lagspelar som gir tillit, og som legg til rette for at medarbeidarar får brukt og utvikla kompetansen sin
  • skapar engasjement og trivsel, og har eit stabilt og positivt humør

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarstilling der du får ei nøkkelrolle i å forme framtidas digitale helsetenester
  • Gode moglegheiter til å påverke kva løysingar som blir utvikla og prioriterte i sjukehusa
  • Ein unik sjanse til å byggje opp og vidareutvikle eit strategisk viktig område for Helse Vest IKT
  • Ein arbeidskvardag tett på dei viktigaste utfordringane i helsetenesta – der du kan gjere ein reell forskjell
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med høg kompetanse, stort engasjement og vilje til å lykkast saman
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Aina Merete Steinsland, Divisjonsleiar, +47 913 64 345

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5164221960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Aina Merete Steinsland

Divisjonsleiar

+47 913 64 345

Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1802d020-026e-4fce-9199-789ad2706cfa

Sist endret

14. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8a966d4299694e9eb13e893fbc5da6aa

Lignende annonser

Laster lignende annonser