Helsefagarbeidar – ein jobb med meining. Bli med på laget vårt!
Gol kommune Heimetenesta
Helsetunvegen 1, 3550 Gol
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. oktober
Heimetenesta i Gol kommune yter tenester til om lag 160 brukarar i omsorgsbustader og private heimar rundt om i bygda. Vi søkjer no ein engasjert helsefagarbeidar i fast 100 % stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, gode menneskemøte og dyktige kollegaer. Vi legg vekt på kvalitet, fagutvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø, og arbeider kvar dag for å gi brukarane trygge og gode tenester.
Arbeidsoppgåver:
• utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med brukarane sine behov
• bidra til meistring, tryggleik og sjølvstende i kvardagen
• støtte brukarane i daglege aktivitetar (ADL)
• følge opp ernæringstiltak
• utføre sårstell og medikamenthandtering
• observere og kartleggje helsetilstand og funksjonsnivå
• dokumentere og rapportere i journalsystem
• samarbeide med pårørande og ulike faggrupper
• bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring i tenesta
Vi nyttar i dag Gerica som journalsystem, og vil ta i bruk nytt EPJ-system frå 2027.
Kvalifikasjonar:
• autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning
• bestått norskprøve nivå B1, både munnleg og skriftleg
• førarkort klasse B
Vi ønskjer oss ein kollega som:
• møter menneske med omsorg, respekt og empati
• er oppteken av fag og utvikling
• arbeider sjølvstendig og tek ansvar
• er strukturert og nøyaktig
• er fleksibel, løysingsorientert og omstillingsdyktig
• kommuniserer godt og samarbeider godt med andre
• trivst med varierte oppgåver og høgt tempo
• har gode digitale ferdigheiter
Hos Heimetenesta i Gol får du:
• eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
• varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende
• moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta
• arbeid med brukarar i alle aldrar og med ulike hjelpebehov
• fokus på personsentrert omsorg og kvardagsrehabilitering
• kurs, opplæring og fagleg utvikling
• dyktige, hyggelege og engasjerte kollegaer
Dersom du ønskjer ein meiningsfull jobb der du får kombinere fag, omsorg og menneskemøte – då håpar vi du sender inn søknad. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Send søknad:
Benytt elektronisk søknadsskjema. Alle søkarar får kvittering på at søknaden er motteken, når det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5170ae8a-879a-47d5-98bc-c10a67c67f5a
- Sist endret
31. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3657709_177461_nn