Konsulent i Bemanningssenteret
Personal- og organisasjonsavdelinga/ Bemanningssenteret, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent i Bemanningssenteret
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Trivst du med å halde mange trådar samla og få folk på plass der det trengst – kvar einaste dag?
Bemanningssenteret ved Haukeland universitetssjukehus søker strukturerte og løysingsorienterte medarbeidarar som vil bidra til at sjukehuset sine avdelingar har rett person på rett stad – til rett tid. Her får du jobbe tett på drifta med operativ bemanning, koordinering og kontakt med både medarbeidarar og leiarar.
Vi er eit støttande arbeidsmiljø som jobbar i høgt tempo, men òg med glimt i auget og sterk lagånd.
Om stillinga
I denne rolla får du ansvar for å følge opp og fordele vakter til tilsette i ulike avdelingar, handtere innleigebehov, ha tett kontakt med leiarar og tilsette – og sikre at alt blir registrert og dokumentert korrekt. Jobben passar for deg som likar variasjon, trivst med å vere "go-to"-personen som får ting til å skje, og som set pris på struktur og tydelege rutinar.
Oppstart etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Drift i bookingteam som dekker vakter ved einingar i sjukehuset
- Dialog og kontakt med tilsette og leiarar
- Oppfølging og koordinering av bemanningsbehov
- Sikre korrekt registrering og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå bemanningsarbeid, vaktplanlegging eller koordinering
- Gjerne erfaring frå helse, HR eller liknande verksemd
- Svært god digital forståing og systemkompetanse
- Erfaring med personaladministrative oppgåver er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og nøyaktig – og handterer eit høgt arbeidstempo
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du trivst med mange ballar i lufta og veit korleis du skal prioritere
- Du samarbeider godt, er tydeleg og påliteleg
- Du ønsker å utvikle deg innan bemanning og ser føre deg å bli verande hos oss over tid
Vi tilbyr
- Ei viktig og operativ rolle i eit sterkt fagmiljø
- God opplæring og støtte i rolla
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fast stilling og trygge arbeidsvilkår
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Britt Velsvik, Avdelingssjef, 97040166, britt.velsvik@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4960963265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 08.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2951570
- Hentet fra
talentech
- Referanse
432f4dcce07a43e99c6f50d33a9d5f7a