Rådgjevar forvaltning
NGIR
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vil du jobba i skjeringspunktet mellom forvaltning, digitale system og kundetenester -- og samstundes bidra til berekraftige løysingar for framtida?
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR) søkjer ein engasjert og løysingsorientert rådgjevar til ei spanande og meiningsfull stilling innan forvaltning/sak og system.
Som rådgjevar hjå oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene våre.
Du vil jobba tett på både fagmiljø, system, kundar og samarbeidspartnarar -- og vere med på å sikra brukarnære, effektive og framtidsretta løysingar for innbyggjarar og hytteeigarar i regionen.
ArbeidsoppgåverHjå oss får du ei variert og meiningsfull rolle, der du jobbar både strategisk og operativt.
Du vil bidra i utgreiings- og utviklingsarbeid som er viktig for vidareutviklinga av tenestene våre, og vere ein aktiv deltakar i prosjekt -- frå planlegging til gjennomføring, òg med moglegheit for prosjektleiing.
Stillinga inneber ansvar for sakshandsaming knytt til renovasjons- og slamgebyr, samt administrasjon av ulike ordningar.
Ein viktig del av arbeidet er å leggja praktisk til rette for kundane våre og sørgje for gode, brukarvennlege løysingar i kvardagen.
Du vil òg arbeide med uttalar i samband med areal- og reguleringsplanar, og ha ansvar for oppfølging av leverandøravtalar og samarbeidspartnarar.
I tillegg må ein rekne med anna førefallande arbeid på avdelinga, noko som bidreg til ein variert arbeidskvardag og brei kontaktflate.
Ønskja kvalifikasjonar og personlege eigenskaparMe ser etter deg med relevant høgare utdanning innan til dømes administrasjon, samfunnsfag, økonomi, IT eller tilsvarande, gjerne på masternivå, men minimum bachelorgrad.
Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og er komfortabel med nynorsk som administrasjonsspråk.
Det er ein fordel om du har god IT-forståing og evner å setja deg raskt inn i nye digitale system.
Som person er du positiv, serviceinnstilt og løysingsorientert.
Du arbeider strukturert, nøyaktig og systematisk, samstundes som du er nysgjerrig og trivst med å finna gode og smarte løysingar.
Du er sjølvstendig i arbeidet ditt og handterer periodar med høgt tempo på ein god måte.
Me legg vekt på at du har interesse for digitale verktøy og nyttar desse aktivt for å effektivisera og forbetra arbeidsprosessar.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt i vurderinga av kandidatar.
Me tilbyrHjå oss får du ei spanande og meiningsfull rolle der arbeidet ditt faktisk gjer ein skilnad i kvardagen til innbyggjarane.
Du får høve til å påverka og vidareutvikla viktige samfunnstenester, og vere med å forma løysingar som betyr noko -- både i dag og for framtida.
Me tilbyr ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, der du får brukt kompetansen din breitt og utvikla deg vidare i takt med nye oppgåver og ansvar.
Du blir ein del av eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel, der samarbeid, tillit og godt humør står sterkt.
Her møter du engasjerte og kompetente kollegaer som er rause med kunnskap, støttar kvarandre og jobbar saman for å nå felles mål.
Me legg vekt på å spela kvarandre gode og skapa ein arbeidsplass der det er triveleg å vera -- og lett å bli verande.
Våre verdiarI NGIR arbeider me etter verdiar som pregar både arbeidskvardagen og tenestene me leverer:
-
Innbyggjarar i fokus -- me jobbar for enkle, rettferdige og gode løysingar for innbyggjarane
-
Ansvarleg og påliteleg -- me forvaltar samfunnsressursar med kvalitet og integritet
-
Utviklingsorientert -- me er nysgjerrige, opne for endring og tek i bruk nye løysingar
-
Samarbeid -- me lukkast best når me jobbar saman og delar kompetanse
Me ønskjer ein kollega som kjenner seg att i verdiane våre og vil vere med å vidareutvikla både arbeidsmiljøet og tenestene våre.
Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med leiar for Sak og system Henrik Kjøpstad, på e-post; henrik.kjopstad@ngir.no eller på telefon; 41 61 43 03
Om bedriften
NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund.
Selskapet tilbyr i tillegg avfallstenester til næringslivet i regionen.
NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune.
NGIR har over 100 tilsette og omset for om lag 190 millionar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
515e6d71-97cd-4eab-a938-fee34b36559f
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
463464878