SFO-leiar og assistent i skulen- 70% fast
Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune
Øyfjellvegen 928, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
SFO-leiar og assistent i skulen- 70% fast
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. mai
Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte. Me er omlag 20 barn i barnehagen og 42 elevar i skulen.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i skulen.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for drift og pedagogisk utvikling av SFO.
- Ta del i det pedagogiske arbeidet direkte med barna på SFO.
- Vikarinnkalling.
- Lage arbeidsplan og arbeidslister.
- Leggje til rette for elevar med særskilde behov.
- Tett samarbeid med skule og heim.
- Vere assistent på skulen, i klasser, grupper og med einskilde elevar.
- Planleggje og leggje til rette for leik, aktivitetar og samhandling med elevar, både ute og inne.
- Dokumentere der det er behov for det.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant utdanning retta mot opplæring i grunnskulen kan bli vurdert.
- Erfaring frå liknande arbeid i skule/SFO kan kompensere for utdanning om me ikkje får fagutdanna.
- God munnleg og skriftleg kompetanse.
- Du må ha IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein tydeleg og trygg vaksen.
- Du må vere god på relasjonar.
- Du må sjå etter det beste i elevane.
- Du må vere god på å kommunisere med andre.
- Du må ta initiativ, ta ansvar og vere sjølvstendig.
- Du må vere strukturert og halde tidsfristar.
- Du må samarbeide godt.
- Du må vera positiv og villig til å lære nye ting.
- Du må vere glad i aktivitet både ute og inne.
- Du må by på deg sjølv, og vere glad i leik.
Vi tilbyr
- Ivrige og engasjerte elevar.
- Fagleg dyktige kollegaer med godt humør og stor takhøgde.
- Kursing, etter- og vidareutdanning etter ynskje og behov hjå deg og oss.
- Gratis skulemat, og kostpris for tilsette.
- Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne fl otte premiar..
- Gode barnehagetilbod.
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
- Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Om ynskjeleg kan ein kombinere stillinga med vikartimar ved behov.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Maria Bruleite Bjåen, Konstituert verksemdsleiar, 91719899, maria.bjaaen@vinje.kommune.noArbeidsstad
Øyfjellvegen 9283890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4964409986
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 20.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Ikke oppgitt
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2934094
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ae57179cc43417d92c58d0b4afd018c