Mellombels forskarstilling i berekningsbiologi
Universitetet i Bergen
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Midlertidig forskerstilling i berekningsbiologi
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. januar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Mellombels forskarstilling i berekningsbiologi
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei mellombels stilling som forskar i berekningsbiologi.
Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til EU-innovasjonsprosjektet MIRACLE.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
MIRACLE-prosjektet (MultiomIcs-basert risikostratifisering av aterosklerotisk kardiovaskulær sjukdom) er eit fleirnasjonalt forskingsprosjekt finansiert av Pathfinder Challenge: Cardiogenomics frå Det europeiske innovasjonsrådet. Målet med prosjektet er å utvikle nye gullstandard prediksjonsmodellar for risikostratifisering av slag og hjarteinfarkt, og å leie mot betre behandling av desse dødelege sjukdomane. Innehavar av stillinga vil ha ansvar for å utvikle nye risikoprediksjonsmodellar som inkluderer polygeniske risikoscore og sirkulerande biomarkørar, i samarbeid med epidemiologar og bioinformatikarar ved partnerinstitusjonane. Spesifikke arbeidsoppgåver inkluderer:
- Å bruke kausal slutningsteknikkar for å skilje årsak frå korrelasjon i sirkulerande proteomikk- og metabolomikkdata frå prosjektets unike kohortar av aterosklerotisk kardiovaskulær sjukdomstilfelle.
- Å bruke maskinlæring for å integrere risikomedierande protein og metabolittar med polygeniske risikoscore.
- Å bruke maskinlæring og nettverksbaserte metodar for å predikere vevsspesifikke genuttrykksnivå frå genetiske og sirkulerande biomarkørdata, og integrere desse prediksjonane i nye funksjonelle polygeniske risikoscore.
- Å benchmarke nye risikoscore i oppdagings- og replikeringskohortar
Den som får stillinga må kunne jobbe sjølvstendig og gi dagleg oppfølging til ein eller fleire yngre forskarar
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor berekningsbiologi, bioinformatikk, statistisk genetikk eller tilsvarande felt.
- Ein sterk merittliste av forskingsresultat (publikasjonar i fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift, presentasjonar på internasjonale vitskaplege konferansar, inviterte seminar, osv.) er eit krav.
- Erfaring med programmering ved bruk av data science-verktøy frå Python eller Julia er eit krav.
- Erfaring med kausal inferens i genetikk (Mendelian randomisering, mediatoranalyse) er eit krav.
- Erfaring med analysen av eit breitt spekter av omics-datatypar (genotyping, RNA-sekvensering, Olink, SomaLogic, Nightingale, osv.) er eit krav.
- Erfaring med bruk av eit breitt spekter av maskinlæringsteknikkar (klynging, regresjon, klassifisering, osv.) på omics-data er eit krav.
- Erfaring med fleirnasjonale og tverrfaglege forskingsprosjekt er ein fordel.
- Erfaring med rettleiing av yngre forskarar er ein fordel.
- Erfaring med analysen av sensitive menneskelege genomdata er ein fordel.
- Grunnleggjande kunnskap om aterosklerotiske kardiovaskulære sjukdomsprosessar og fysiologi er ein fordel
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby
- spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Ei detaljert forklaring på korleis du oppfyller krava i annonsen.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Tom Michoel, Computational Biology Unit, Institutt for informatikk, E-mail: Tom.Michoel@uib.no eller +47 555 84 16, eller professor Susanna Röblitz ved CBU, Institutt for informatikk, på susanna.roblitz@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på +47 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig