Vil du betene Vågå bibliotek i sommar?
Vågå Bibliotek
2680 Vågå
Om jobben
- Stillingstittel
- Bibliotekassistent
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Annet, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid og kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Vi ser etter deg som brenn for litteratur, er imøtekomande og likar å jobbe med menneske i alle aldrar og er klar for ein sommar ved Vågå bibliotek. Biblioteket er ein viktig sosial møteplass i bygda vår, og vi tilbyr eit stort utval av bøker, aviser og tidsskrift. Vi har også eit populært gamingrom og eit utstyrslager der alle besøkande kan låna gratis turutstyr.
I periodar må det påreknast å jobbe åleine på biblioteket, du må difor vere 18 år eller eldre for å bli vurdert som søkjar. Opplæring vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver:-
Hjelpe til med utlån og innlevering av bøker
-
Hjelpe besøkande med å finne litteratur og bruke biblioteket, samt rettleie i bruk av dei digitale tenestene våre.
-
Bidra til å halde biblioteket ryddig og organisert
-
Handtere utlån frå utstyrslageret
-
Organisere besøk på gamingrommet
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Engelskkunnskapar er ein fordel
-
Interesse for litteratur
-
Interesse for gaming er eit pluss
-
Serviceinnstilt og gode kommunikasjonsevner
-
Grunnleggjande datakunnskap. Vilje til å setta seg inn i nye datasystem
-
Tole noko stress og tidvis hektiske periodar'
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Slik søkjer du: Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg som vitnemål og attestar til søknaden sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søk på stillinga her. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Søknadsfrist: 8. april 2026
Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfald Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje -- uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn. Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. Offentleglova §25.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
511a523d-f2a0-4ddd-a9a1-c87f0735f99d
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
511a523d-f2a0-4ddd-a9a1-c87f0735f99d