Hopp til innhold

Ledig stilling som styrar i Tuddal barnehage

Arbeidsgiver

Hjartdal kommune Hjartdal kommunale barnehagar

Sted

Hjartdal

Om jobben

Stillingstittel
Styrar i Tuddal barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Vil du leie ein barnehage der trivsel, tryggleik, leik og læring står i sentrum – både for barn og tilsette?

Tuddal barnehage søkjer ein engasjert og utviklingsorientert styrar som ønskjer å vere med og vidareutvikle barnehagetilbodet i kommunen vår.

Om barnehagen

Tuddal barnehage, er ein av tre kommunale barnehagar i Hjartdal kommune. Saman deler vi fagleg kompetanse, utviklingsarbeid og ressursar for å sikre eit heilskapleg og framtidsretta barnehagetilbod. Hos oss møter barna trygge, varme og profesjonelle vaksne som legg til rette for leik, utforsking, fellesskap og danning i tråd med rammeplanen.

Vi er opptekne av at alle barn skal oppleve trivsel, tryggleik, leik og læring kvar dag – og at barnehagen skal vere ein stad der både barn og tilsette gleder seg til å vere.

Om stillinga

Som styrar i Tuddal får du ei nøkkelrolle i å vidareutvikle barnehagen, leie tilsette og sikre eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for både barn og personale. Du vil òg inngå i kommunen sitt leiarteam for barnehagane og samarbeide tett med dei andre styrarane.

Stillinga er delt mellom avdelingsarbeid og administrativt arbeid.

Ansvarsområde
  • Overordna pedagogisk og administrativ leiing av barnehagen
  • Personalleiing og utvikling av eit trygt og profesjonelt arbeidsmiljø
  • Oppfølging av den pedagogiske praksisen i tråd med rammeplanen
  • Samarbeid med føresette, interne samarbeidspartnarar og eksterne instansar
  • Budsjett- og økonomiansvar
  • Bidra aktivt i kommunen sitt oppvekstnettverk og felles faglege satsingar
Vi søkjer deg som
  • Har relevant barnehagefagleg utdanning og godkjend barnehagelærarutdanning
  • Har leiarerfaring, eller eit tydeleg ønske om å utvikle deg som leiar. Styrarutdanning er eit ynskje, men ikkje eit krav.
  • Er tydeleg, trygg og inkluderande i møte med tilsette, barn og føresette
  • Har evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er fagleg oppdatert og oppteken av kvalitet og utvikling
  • Har god digital kompetanse og forståing for administrative oppgåver
Vi tilbyr
  • Fokus på trivsel, arbeidsmiljø og fagleg utvikling.
  • Eit tett og godt samarbeid med dei andre barnehagane i kommunen
  • Høve til å påverke, utvikle og styrkje barnehagetilbodet i kommunen
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • God penssjonsordning
  •  
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over 
  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
  • Prøvetida di er på 6 månadar.
  • Det er krav om politiattest jf. Barnehagelova § 30.
  • Det blir lagt stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga

 

Ved intern tilsetting kan det bli ledig pedagogstilling i kommunen.

 

Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på! 

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Karianne Haugan Skårdal

95790597

karianne.haugan@hjartdal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50fa5861-288e-4e1c-827a-1f75f4799ffa

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3594777_231647_nn

Lignende annonser

Avdelingsledere på ny felles ungdomsskole

Arbeidsgiver

Notodden kommune Notodden ungdomsskole

Sted

Notodden

Barnehagelærer/pedagog - vikarer

Arbeidsgiver

Notodden kommune Virksomhet for barnehager

Sted

Notodden