Hopp til innhold

Fagbioingeniør - Service

Arbeidsgiver

MEDISINSK BIOKJEMI OG BLODBANK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Fagbioingeniør - Service
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 16. juni

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei tre sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund har 55 stillingar og om lag 70 tilsette.

Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse, PNA og urinanalyser, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og blodbank/transfusjonsmedisin.

Vi har ledig eit vikariat som fagbioingeniør på service frå 01.09.2026 til 01.09.2027. Oppstart kan avtalast nærmare med seksjonsleiar. 

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg CV/søknad.


Arbeidsoppgåver

  • Fagansvarleg bioingeniør for fagområdet
  • Koordinere den daglege drifta ved fagområdet. Dette inneber også å vurdere behov for delegering av oppgåver til bioingeniør II/ bioingeniør
  • Forvalte fagområdet sine ressursar på ein god måte, knytt opp mot laboratoriet si verksemd
  • Sørge for å halde seg fagleg oppdatert og dokumentere dette
  • Ha særleg ansvar for kompetansehevande arbeid ved fagområdet
  • Opplæring og oppdatering av tilsette
  • Bruke laboratoriet sine kommunikasjonsvegar
  • Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
  • Ansvar for at fagområdet har gode, relevante og oppdaterte prosedyrar
  • Følge opp varebeholdning (SAP)
  • Andre delegerte oppgåver frå seksjonsleiar
  • Delta i seksjonsråd

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Fagleg kunnskap og erfaring frå medisinsk biokjemi 
  • God IT-kompetanse
  • Erfaring frå eit akkreditert laboratorium er ønskjeleg
  • Fordel med erfaring frå undervisning og rettleiing

Personlege eigenskapar

  • Du er tydeleg, inspirerande og inkluderande
  • Du har gode formidlingsevner
  • Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
  • Du har evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling og nytenking

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfylt stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Camilla Jensen Pedersen, Seksjonsleiar, Camilla.Jensen.Pedersen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5141125473
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Camilla Jensen Pedersen

Seksjonsleiar

Camilla.Jensen.Pedersen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50debe95-2022-447c-8b9c-faf61c5f601a

Sist endret

10. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ac92f906c1b742f6ab44642ed5bf8dd2

Lignende annonser

Laster lignende annonser