Hopp til innhold

Einingsleiar/Rektor i Hustadvikaskolen

Arbeidsgiver

Hustadvika kommune Bud skole

Sted

Prestgardsvegen 140, 6430 Bud

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Er du initiativrik, har engasjement og høge ambisjonar på elevane og skulen sine vegner?

Vi søkjer ein relasjonsorientert og engasjert rektor som fremjar læring og utvikling for elevar og tilsette i Hustadvikaskulen. Du ønskjer å bidra til eit positivt lærings- og arbeidsmiljø og eit godt samarbeid mellom skule og heim.

Hustadvika kommune er ein BTI-kommune, og har stort fokus på heilskap og samanheng i eit inkluderande fellesskap mellom tenesteområda. Alle rektorane i kommunen har eit heilskapleg ansvar for innhald og drift av skulen og deltek i felles nettverk. Rektor rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst, kultur og kunnskap.

Kommunen sine verdiar er Imøtekomande, Dyktig, Ansvarsfull og Respektfull (IDAR).

Hustadvika kommune har ledig rektorstilling ved Bud skule.
Bud skule er ein 1–7-skule som ligg ytst i Hustadvika kommune. Skuleåret 2025/26 er det om lag 100 elevar ved skulen.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for dagleg drift og det pedagogiske utviklingsarbeidet
  • Økonomi- og personalansvar
  • Vidareutvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Skape samanheng mellom nasjonale føringar, kommunale satsingsområde og arbeid i eiga eining
  • Fremje tverrfagleg samarbeid og bidra til heilskap i oppvekstområdet
  • Leie etter kommunen sine verdiar
  • Bidra til godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar
  • Opplæringslova sine krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylte
  • Skuleleiarutdanning er ønskjeleg
  • God forståing for kommuneøkonomi, plan- og utviklingsarbeid
  • God system- og rolleforståing
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
Personlege eigenskapar
  • God på relasjonsbygging og samhandling
  • Pedagogisk engasjement og fokus på eit godt læringsmiljø
  • Løysingsorientert, tydeleg og evne til å inspirere andre
  • Utviklingsorientert, målretta og strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetjing.

Vi kan tilby
  • Ei spennande, variert og utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø
  • Motiverte og godt kvalifiserte kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir brukt. Vitnemål og attest(ar) blir tekne med til eventuelt intervju. Søk no og bli med på å forme framtida til elevane våre!


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Steinar Veiset

Kommunalsjef oppvekst

+47 95153548

steinar.veiset@hustadvika.kommune.no

Om bedriften

Bud barne- og ungdomsskule er ein 1-7 skule som har ca. 100 elevar fordelt på 1. – 7. trinn. Vi tilbyr skulefritidsordning. Skulens administrasjon består i dag av rektor, merkantilt personale, ITO-koordinator og SFO-leiar. Bud barne- og ungdomsskule ligg midt i sentrum av tettstaden Bud. Skulen har eit fint nærområde med både sjø, skog, fjell og idrettsanlegg lett tilgjengeleg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50de27a5-ad7e-474f-8c5a-df853c48c81e

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3603755_203525_no

Lignende annonser

Laster lignende annonser