Styrar Harøy barnehage
Harøy barnehage, Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre
Skulevegen 10, 6296 Harøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Styrar Harøy barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
100% fast stilling som styrar ledig for oppstart 1.august
Harøy barnehage ligg sentralt på vakre Harøya. Barnehageåret 2024-25 har barnehagen omlag 53 barnehageplassar i bruk og har 14 tilsette. Barnehagen ligg i nærleik av skog og mark, sjø, skule og idrettsanlegg m.m.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at barnehagen vert driven etter gjeldande lover og regelverk
- Dagleg ansvar for det pedagogiske, personalmessige og administrative arbeidet i barnehagen
- Medansvar for rekruttering og tilsetjing i eigen barnehage
- Dagleg ansvar for HMS i barnehagen
- Bidra til tverrfagleg samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar
- Delegerte økonomiske oppgåver knytt til eigen barnehage
- Systematisk arbeid med prioriterte satsingsområder
- Ansvarleg for å skape eit godt arbeidsmiljø og bidra til motiverte medarbeidarar
- Leie barnehagen etter prinsippet om at barnets beste skal vere i sentrum
Kvalifikasjonar
- Bachelor som barnehagelærar eller annan relevant utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk/småbarnespedagogikk
- Det er ønskeleg med vidareutdanning innan organisasjon og leiing eller styrarutdanning.
- Erfaring frå administrasjon/personalleiing
- Gode IT-kunnskapar
- Det vert stilt krav om politiattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- Har god relasjonskompetanse
- Er strukturert, tydeleg, løysingsorientert og nytenkjande
- Har evne til å inspirere, engasjere og veilede medarbeidarar mot felles mål
- Har evne til å arbeide systematisk med å vidareutvikle barnehagen
- Har god rettleiingskompetanse
- Er ein tilstedeverande leiar med kapasitet til å arbeide i 100% stilling og handtere stort arbeidspress i periodar
- Gode leiareigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons - og forsikringsordningar gjennom KLP
- Arbeid i ein organisasjon med områdebarnehagar organisert i eigne verksemder og med verksemdsleiar som styrarane sine næraste overordna
- Deltaking i barnehagebasert utviklingsarbeid "Rekomp" der alle kommunale barnehagar i Ålesund deltek
Kontaktinformasjon
Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569Arbeidsstad
Skulevegen 106296 Harøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4963200203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Janne Aamelfot
Verksemdsleiar
+47 958 75 569
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930872
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aba15b29335c41d391742a4a7558599b