Tilkallingsvikar som landbruksrådgjevar i Lom og Skjåk
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar som landbruksrådgjevar i Lom og Skjåk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. juli
Vil du vere med og utvikle landbruket i kommunane vår? Vi søkjer ein engasjert og kunnskapsrik medarbeidar til ei spennande og variert stilling ved landbrukskontoret.
Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste med kontor i Skjåk. Det er ledig vikariat som rådgjevar i 100 % stilling. Vikariatet er for tida innan landbruk og er ledig frå dags dato med oppstart etter nærare avtale. Vikariat er fram til og med 30.04.2026, men med mogleg forlenging. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team som arbeider med landbruksforvaltning og berekraftig ressursforvaltning.
Arbeidsoppgåver
-
Saksbehandling innan jord- og skogbruk, tilskotsordningar og jordlovsaker
-
Oppfølging av miljø- og klimatiltak i landbruket
-
Deltaking i utviklingsprosjekt og samarbeid med regionale aktørar
-
Bidra til god dialog mellom kommunen og landbruksnæringa
Kvalifikasjonar
-
Utdanning innan landbruk, naturforvaltning eller tilsvarande
-
Erfaring frå offentleg forvaltning og/eller landbruksnæringa er ein fordel
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
-
Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
-
Førarkort klasse B
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
-
Ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
-
Fleksibel arbeidstid
-
Kontorplass i Bismo
Spørsmål om stillinga kan rettast til Erling Dagsgard, landbrukssjef, telefonnummer: 90 99 94 96, e-post: erling.dagsgard@skjaak.kommune.no
Søknadsfrist 13. juli- Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
50823eb4-3ef1-4f97-9e49-934876df4bba
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
50823eb4-3ef1-4f97-9e49-934876df4bba