ID 2316 Helsefagarbeidar - Heimebaserte tenester
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Heimebaserte tenester har eigen nattpatrulje som gir tenester til heimebuande etter vedtak. Heimebaserte tenester er den delen av kommunehelsetenesta som driv med pleie og omsorgstenester for personar som bor utanfor helseinstitusjon. Tenesta er ein vesentleg del av eldreomsorga, sjølv om det ikkje berre er eldre som mottar heimetenester. På natt jobbar man både sjølvstendig og i team. Det er både faste oppdrag, alarmar og uforutsette hendingar som skal handterast. Me nyttar oss av velferdsteknologi der det er hensiktsmessig.
Om du ynskjer på å prøve deg i eit vikariat i natt tenesta har vi følgjande ledig:
Helsefagarbeidar natt i 75% stilling, tiltreding snarast, til og med 31.03.2026Arbeids- og ansvarsområde:
Me søkjar deg som gir av deg sjølv, og som bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du er ein positiv og løysningsorientert person som likar å holde deg fagleg oppdatert. Du må like å jobbe på natta og legger vekt på eit godt samarbeid mellom brukar, pårørande og tenestene. Du må trivast med varierande utfordringar og handtere uforutsette situasjonar.
Kvalifikasjonskrav:-
Autorisert helsefagarbeidar eller andre med relevant utdanning/praksis
-
Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
-
Språkprøve B2 må være avlagt og bestått for søkjar utanfor Skandinavia
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt
-
Du må ha førarkort klasse B
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Karin Toft, telefon 91570532
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931182
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
507ce6e9-de50-421d-a648-219798e1e8b1