Seksjonsleiar
Avdeling for distriktspsykiatriske senter DPS Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ønsker du ein spennande leiarjobb?
Då har vi ledig stilling som seksjonsleiar til deg!
Vi søkjer etter ein engasjert, positiv og dyktig leiar til 100 % fast stilling som seksjonsleiar ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund. Stillinga er ledig frå 01.06.2023.
Klinikk for psykisk helse og rus består av 6 avdelingar og 33 seksjonar.
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er én av 4 seksjoner i Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal.
Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk, og tilbyr utgreiing- og behandlingstilbod innanfor individual- og gruppeterapi. Den tilbyr òg oppfølging til pårørande. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Det er eit godt samarbeid med dei kommunale tenestene i området. Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Det blir arrangert ein internasjonal fotofestival kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Arbeidsoppgåver
- Driftsansvar for seksjonen som inneber økonomi-, personal- og fagleg ansvar
- Ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldande lover/føreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer
- Vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar
- Ansvar for seksjonens kvalitets- og forbetringsarbeid
- Fagansvar og fokus på fagutvikling
- Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
- Bidra til å vidareutvikle seksjonen, men også avdelinga
- Medansvar for avdelinga sine tenester og resultat
- Ein del av avdelinga si leiargruppe
- Andre oppgåver etter avtale med avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse
- Leiarerfaring
- God system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift
- Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Førarkort
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
- Du har evne og vilje til å måle resultat, evaluere og korrigere
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne
- Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og sterkt tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si leiargruppe
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Tor Nygaard, Avdelingssjef, 71123335/ 99167650, Tor.Nygaard@helse-mr.noArbeidssted
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4641672386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2297434
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4691e92476b41b69696b97e602f4ab4