Klar for nye utfordringar? Vi treng deg på Brønnøysundregistera.
Brønnøysundregistrene
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Om jobben
Stillingstittel
Førstekonsulentar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Om stillinga
I avdelinga registerforvaltning får du moglegheit til å bli kjent med offentleg sektor gjennom saksbehandling og andre arbeidsoppgåver retta mot norsk næringsliv og frivillig sektor. Vi treng deg som har lyst til å bidra i ein travel arbeidskvardag der omstilling og endring gir oss spennande oppgåver og utfordringar.
Vi ønsker medarbeidarar som lever opp til verdiane våre: offensiv, positiv og påliteleg. Du skal vere ein pådrivar og bidra til forenkling for brukarane våre. Du skal bidra i saksbehandling, rettleiingsoppgåver og vidareutvikling av registera våre.
Vi søker inntil tre førstekonsulentar i fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- saksbehandling og oppgåver med betydeleg innslag av skjønnsvurderingar
- rettleiing internt og eksternt i fleire kanalar
- bidra i prosjekt eller produktteam og i anna utgreiing/utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Du må ha- utdanning frå høgskole/universitetsnivå på bachelornivå eller høgare
- relevant praksis kan kompensere for noko av utdanningskravet
- digital kompetanse/ferdigheiter
- gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk
- relevant arbeidserfaring gjerne frå offentleg sektor
- erfaring med prosjekt/utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar
- du må samarbeide godt med andre
- du må vere sjølvstendig og kunne halde presentasjonar
- du må ha god arbeidskapasitet og eigarskap til eigne arbeidsoppgåver
- du må vere løysingsorientert og positiv til nye utfordringar
- du må vere kvalitets- og resultatorientert
Vi tilbyr
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- eit godt arbeidsmiljø med ei uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- gode moglegheiter for kompetanseheving og ei god stipendordning
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- mogligheit for trening i arbeidstida, godt utstyrt trimrom, bedriftsidrettslag og ulike velferdsarrangement
- nye og moderne kontorlokale
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- hjelp til å skaffe bustad
- godt og rimeleg kantinetilbod med byen sin beste utsikt
Stillingane er løna som førstekonsulent med ei årsløn frå kr 407 900 - 524 900, avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.
Ved interne tilsettingar kan det bli ledig stilling som konsulent. Du må opplyse i søknaden om du også søker på dette.
Inkludering og mangfold
Inkludering og mangfald er ein styrke og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom de har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsmeldingane sine.
Generelt
Brønnøysund er ein triveleg kystby med korte avstandar til jobb, fritid- og servicetilbod. Vi har full barnehagedekning og eit godt oppvekstmiljø i trygge omgivnader.
For deg som liker friluftsliv er det mange moglegheiter for fine naturopplevingar til lands, fjells og i skjergarden. Vi har også eit rikt kulturliv, fleire treningssenter og idrettslag.
Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, med du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista, men du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar for å bli vurdert som søkar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Ta gjerne kontakt
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Knut Vongraven tlf. 971 97 450 eller Rinda Enoksen tlf. 944 11 780.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller e-post kundeservice@jobbnorge.no
Om bedriften
Om Brønnøysundregistera
Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer dialogen med det offentlege enklare for personar og verksemder. Vi driv mange av dei viktigaste registera i landet og har 450 medarbeidarar.
Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.
Sektor
Offentlig
Nettsted