89 % fast stilling som SFO-leiar ved Gullfjordungen skule, frå 01.08.2025
Voss herad Gullfjordungen skule
Geili 8, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
89 % fast stilling som SFO-leiar ved Gullfjordungen skule, frå 01.08.2025
Type ansettelse
Fast, deltid 89%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. juni
Gullfjordungen skule er ein barnskule for 1-7. klasse, med 143 born og 24 tilsette. Det er 53 borna som skal vere på SFO, og desse er fordelt på to lokale då det fleire born på SFO enn tidlegare år. Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og gamleskulen der SFO held til. Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø, nærværsplan og felles forståing av leseundervisninga.
Kvalifikasjonar- 3-årig høgskuleutdanning, som til dømes barnehagelærar. Anna utdanning blir vurdert.
- Leiarerfaring
- Erfaring med jobb med born og unge, helst innan skule
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- God munnlege og skriftlege dugleikar
- Gode digitale dugleikar
Arbeidsoppgåver:
- Organisere og drifte SFO. Det er sett av fire timar til å administrere/drifte SFO, medan resten av arbeidstida støttar ein klassar eller einskild-elevar, og jobbar i SFO.
- Fylgjer skuleruta, og arbeider ikkje i utvida SFO. Vangen skule har arbeidsgivaransvar for utvida SFO frå haustferien 2025
- Kommunisere med tilsette, elevar og føresette
- Være kreativ og finne på kjekke aktivitetar
- Rettleie andre i arbeidet
- Me søkjer etter ein kreativ og dyktig arbeidar med god relasjonskompetanse.
- Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte.
- Arbeide strukturert og løysingsorientert
- Ha godt humør
Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
Me tilbyr:- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig