Vil du bli Kviteseid kommune sin nye økonomisjef?
Kviteseid Kommune Sentraladministrasjon
KVITESEIDGATA 13, 3850 Kviteseid
Om jobben
Kviteseid kommune søkjer ein erfaren og framtidsretta økonomisjef som ønskjer å ta ei sentral rolle i den vidare utviklinga av kommunen. Vi ser etter ein leiar med høg fagleg integritet og god forståing for samanhengen mellom økonomisk styring, tenesteutvikling og kommunen sitt samfunnsoppdrag.
Som økonomisjef vil du få ei sentral leiarrolle i kommunen. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektørens leiargruppe. Stillinga gjer handlingsrom til å påverke kommunen si økonomiske styring i ei tid prega av omstilling, auka krav til effektiv ressursbruk og kontinuerleg utviklingsarbeid. Som økonomisjef vil du ha overordna ansvar for kommunen si økonomistyring og vere ein sentral fagleg og strategisk rådgjevar for administrativ og politisk leiing. For den rette kandidaten vil ein vere assisterande kommunedirektør og såleis kommunedirektørens sted fortredar.
- Stillingstittel
- Økonomisjef
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. februar
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:-
Vi søkjer ein kandidat med solid fagkompetanse og relevant erfaring
-
Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller administrasjon (minimum bachelorgrad -- mastergrad er ein fordel)
-
Erfaring med økonomistyring frå offentleg sektor
-
Leiarerfaring og dokumentert evne til å utvikle medarbeidarar og fagmiljø
-
God systemforståing og erfaring med økonomisystem
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
-
God forståing for offentleg forvaltning og politiske avgjerdsprosessar
-
Strategisk og analytisk, med god heilskapleg forståing
-
Strukturert, sjølvstendig og trygg i leiarrolla
-
Ansvarsbevisst og tydeleg i faglege vurderingar
-
Relasjonssterk og profesjonell i møte med medarbeidarar, leiarar og politisk nivå
-
Samarbeids- og løysingsorientert
-
Evne til å formidla vanskelege ting på ein lett forståeleg måte
-
Humørfylt med ein stor dose humor
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:-
Overordna ansvar for økonomistyring, rekneskap og årsmelding
-
Strategisk økonomiplanlegging, analyse og langsiktig utviklingsarbeid
-
Utarbeiding av årleg budsjett og økonomiplan i samarbeid med kommunedirektør og leiargruppe
-
Sikre god samanheng mellom økonomiske prioriteringar, politiske vedtak og vedtekne planar
-
Pådrivar for vidareutvikling av digitale løysingar og effektive arbeidsprosessar
-
Fagleg rådgjeving og støtte til leiarar i organisasjonen
-
Vidareutvikling av rutinar, system og rapporteringsløysingar innan økonomiområdet
-
Saksførebuing og presentasjon av økonomisaker for politiske organ
-
Finansforvaltning
-
Overordna ansvar for innkjøp og offentlege anskaffingar og kommunes forsikringsordningar
-
Leiar for fellestenestene med ansvar for arkiv, kundemottak, sentralbord og rekneskap (fire tilsette)
Vi tilbyr
Vi tilbyr:-
Arbeid i ein kommune med engasjerte og flinke tilsette
-
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
-
Moglegheiter for fagleg utvikling
-
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Løn etter avtale
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktperson for stillingen
Laila Thorsen
Kommunedirektør
995 35719
Om bedriften
Om kommunen
Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Noreg i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane.
Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
50467b45-3658-4e25-b71b-a6f4b92734c3
- Sist endret
28. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
50467b45-3658-4e25-b71b-a6f4b92734c3
Lignende annonser
Fastlege
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Kommunelækjaren
Sted
Kviteseid, Telemark
Sjukepleiar / Vernepleiar
Arbeidsgiver
Kviteseid Omsorgssenter
Sted
Kviteseid
Digital innholdsprodusent
Arbeidsgiver
Fellestjenester Sa
Sted
Bø i Telemark