ID 2223 Sjukepleiar - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, spesialajukepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Denne stillinga er ved avdeling Gullskar. Dette er ei avdeling med plassar for pasientar med utfordringar knytt til demenssjukdom. Avdelinga har fokus på personsentrert omsorg og miljøterapautiske tiltak i arbeidet. Som sjukepleiar i avdelinga vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.
Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Langvakter er eitt av tiltaka som no skal starte opp. Avdeling Gullskar skal etter planen starte opp med langvakter i september. Du som sjukepleiar vil vera viktig inn i dette arbeidet.
Det er ledig fast 100% stilling som sjukepleiar, med langvakter på 13,5 time og 4. kvar helg Arbeids- og ansvarsområde:I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- målretta miljøarbeid
- tilrettelegging for kvardagsmeistring
- tiltak, evaluering og dokumentering
- å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
- palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
- legemiddelhandtering
- fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
- å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
- delta aktivt inn i eininga sitt sjukepleiar/vernepleiarteam og delta på fagmøter og bidra til kunnskapsdeling i eininga.
- vere ein del av ei eining med mange spesialsjukepleiarar som vegleiar innan sår, demensomsorg, kreftsjukepleie, geriatri, psykiatri og leiing
- Ved tilsetjing vil me vektlegga:
- personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
- brukarorientert tilnærming
- evne til å vera nyskapande i arbeidet
- Kunnskap om geriatri og demensomsorg.
- Autorisert sjukepleiar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg.
- Det er ei føremun med erfaring innan geriatri og demensomsorg
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Trine Lise Netland Ljostveit 53454540/90943754 eller Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510/92486358
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2701812
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5040e032-5087-47e4-8e19-a76a4925f7d9