Psykolog/ psykologspesialist
Seksjon for Fengselshelsetjeneste, Helse Bergen HF
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/ psykologspesialist
Oppstart
2. juni 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Seksjon for fengselshelseteneste har ansvar for poliklinisk psykisk helsevern for personar som er under straffegjennomføring innan Helse Bergen sitt område. Seksjonen er òg delaktig i ulike spesifikke tiltak som Narkotikaprogram med domstolskontroll, Rusmeistringseining, Ungdomseining, samt behandlingstiltak for valds- og seksuallovbrotsdømde.
Hovudtyngda av arbeidet er lokalisert til Bergen fengsel på Hylkje, 18 min køyretur frå Bergen sentrum. Utgreiing og behandling av personar under straffegjennomføring gjev god meining og gjev moglegheit til å nå pasientar som i mange tilfelle ikkje klarar å følge opp eit behandlingstilbod ute. I tillegg til ordinære polikliniske arbeidsoppgåver vil ein viktig del av jobben vere å behandle og hjelpe personar som har falt utanfor samfunnet til å kunne meistre eit vanleg liv. Ein del av behandlingstilbodet er retta mot å førebygge at ein person utset andre for vald eller seksuelle overgrep. Behandling under straffegjennomføring gjev moglegheit til å nå personar som ofte ikkje ville oppsøkt psykisk helsevern. Vi meiner at behandling av pasientar under straffegjennomføring blir gjort best med fleksibilitet, individuell tilpassing til den enkelte pasient og eit tett samarbeid med andre relevante instansar.
Det er no ledig to stillinger for psykolog/ psykologspesialist. Det er aktuelt med fleire typar oppgåver i seksjonen men for tida er det mest aktuelt med oppgåver knytta til Ungdomseininga og BASIS (Behandling av seksuallovbruddsdømte i spesialisthelsetjenesten) heilt eller dels i kombinasjon med andre oppgåver i seksjonen. Kandidatane må og pårekne å bidra der det er behov.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos pasientar som er under straffegjennomføring, etter tilvising
- Samarbeide med primærhelsetenesta og kriminalomsorg om tiltak
- Samarbeide med ulike instansar som skal syte for hjelp etter endt tid for soning
- Utgreiing av risiko, behov og responsivitet for seksuallovbrudsdømde, med tilpassa behandling individuelt og i gruppe
- Delta i psykoedukasjon i gruppe ved behov, som sinnemeistring, stressmeistring, m.m
- Delta i fagutviklingsoppgåver og internundervisning
- Yte rettleiing til samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend psykolog, gjerne med godkjend relevant spesialitet (unge/ vaksne) men det er ikkje eit krav
- Erfaring frå psykisk helsevern, særleg vurderingar av lidingar knytt til psykose og suicidproblematikk, samt ADHD/ utviklingsforstyrringar og alvorlege personlegdomslidingar
- Fordel med kjennskap til og interesse for straffegjennomføringssystemet
- Fordel med erfaring frå spesialisthelseteneste i fengsel
- Fordel med erfaring frå arbeid med valds- og/eller overgrepsproblematikk
- Fordel med erfaring fra arbeid med regelbrytande ungdom
- Må meistre norsk i skrift og tale
- Må legge fram marknadsfri utvida politiattest
Personlege eigenskapar
- Evne til å trivast i klinisk arbeid med ei utfordrande pasientgruppe
- Fleksibilitet og positiv innstilling til samarbeid
- Sjølvstendig
- Interesse for fagutvikling
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i eit spennande fagfelt
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
- Fagleg rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Erik Risnes, Fungerande seksjonsleiar, 95890597Arbeidsstad
Steinestøvegen 4015109 Hylkje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4946250998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.06.2025
Søknadsfrist: 20.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Erik Risnes
Fungerande seksjonsleiar
95890597
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2909761
- Hentet fra
talentech
- Referanse
483ca204c80a461390fb23280e45bef8