Intensivsjukepleiar med interesse for akuttmedisin
Intensiv Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. mai
Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig intensivsjukepleiar. Oppstart frå 01.09.2025.
Stillinga er planlagd i årsturnus, med tredelt vaktbelastning og jobb kvar tredje helg. Arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Stillingane kan ikkje delast.
Intensivavdelinga i Førde er ei avdeling med sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga har både medisinske og kirurgiske pasientar, der ein har alt frå pasientar med enkle kirurgiske inngrep, til intensivpasientar med behov for respirasjonsstøtte, både non-invasiv og invasiv. Avdelinga tilbyr pasienter m.a. hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjartestans.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar og vitnemål med bestått intensiv vidareutdanning
- Intensivsjukepleiar med pasientkontakt må beherske norsk munnleg og skriftlig på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarende Bergenstesten)
- Ein må kunne handtere/ha erfaring med intensivpasientar og ha kompetanse på teknisk utstyr til denne pasientgruppa
- Fagkompetanse er vesentlig
- Intern erfaring vil bli vektlagt
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Det blir vektlagt at ein kan samarbeide i team, og ha evne til å kunne takle periodar med stress
- Være løysingsorientert
- Ein må gå tredelt turnus, og ta sin del av vaktbelastning med sein- og nattevakter. Vaktbelastning ligg på minimum 50%.
Personlige eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4966068872
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Wenche Hårklau
Seksjonsleiar
(+47) 578 39 080
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2940057
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2345f4de5b3c4d66b0b9d1259fc0a8be