Rådgjevar DIPS
Regionalt EPJ fagsenter, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
Helse Vest har kome langt i si IT-utvikling, med innføring av nye system, konsolidering av systemporteføljen og digitalisering av arbeidsprosessane. Vi har likevel mange spennande og utfordrande oppgåver framfor oss. Løysingane i systemporteføljen til Helse Vest har ulik storleik og kompleksitet, og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område.
Eit av dei største systema er pasientjournalsystemet DIPS. Intern omrokering gjer at vi no er på jakt etter ein ny rådgjevar i seksjonen. Her vil du få jobbe med sakshandsaming, konfigurering i DIPS, og spennande prosjektarbeid. Dette kjem i tillegg til den viktige daglege drifta som klinikarane og pasientane våre er så avhengige av i kvardagen. Det er ønskeleg at ein kan DIPS over gjennomsnittet godt.
Seksjon Pasientjournal i Helse Vest IKT har omlag 20 tilsette, og alle har ulike roller innanfor drift, forvalting og utvikling av pasientjournalsystemet. For oss er det eit viktig mantra å spele kvarandre gode, og vi er stolte av eit inkluderande miljø som jobbar for det felles beste og ei berekraftig helseteneste. I begge stillingane samarbeider
ein tett med føretaka, dei andre tilsette i seksjonen, samt andre relevante seksjonar og avdelingar i Helse Vest IKT.
Arbeidsstad er Bergen, Stavanger, Førde eller Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming av innmeldte problemstillingar.
- Konfigurering i DIPS.
- Rådgje kundar og brukarar i konkrete problemstillingar, samt bistå i formidling av moglegheiter.
- Bidra til å vedlikehalde og vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet vårt.
- Deltaking i prosjekt, arbeidsgrupper og andre relevante forum.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelornivå. Arbeidserfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå bruk av DIPS.
- Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø.
Personlege eigenskapar
- Du er open og positiv i møte med andre menneske.
- Evnar å kommunisere med både teknisk, merkantilt og klinisk personell.
- Gode samarbeidsevner.
- Er systematisk, har god struktur og er nøyaktig.
- Er resultatorientert og målretta.
- Fokus på gode brukaropplevingar.
- Initiativrik og evnar å arbeide sjølvstendig.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk.
Vi tilbyr
- Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtida sitt helsevesen.
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faglege samlingar og kurs.
- Engasjerte kollegaer.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret i dei flotte lokala våre. Å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frode Nilsen, Seksjonsleiar, +47 92 26 53 56Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4948415107
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Frode Nilsen
Seksjonsleiar
+47 92 26 53 56
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2910405
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7afbec950c4473b9b8ece37b611034c