Hopp til innhold

EXTRA KAUPANGER søkjer butikkmedarbeidarar

Arbeidsgiver

Extra Kaupanger

Sted

Furuvegen 3, 6854 Kaupanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Har du lyst på arbeid i butikk? Vi har 2 ledige deltidsstillingar på 40%

På Extra Kaupanger treng vi fleire blide og serviceinnstilte kollegaer. Vi har to ledige stillingar som butikkmedarbeidar, begge med ein stillingsgrad på 40%. Vi ser etter deg som er blid, engasjert, og likar utfordrande og varierte arbeidsdagar. Du er oppteken av å gje god kundeservice, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i butikken. Stillingane følgjer turnus med arbeidstid i hovudsak på ettermiddag / kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til å ta ekstravakter i forbindelse med fråvær i butikken og i høgsesongar og ferieavvikling. Oppstart i jobben blir frå 1. januar, men det er fint om du kan starte på opplæring allereie i desember.

Arbeidsoppgåver:
  • Kundebehandling
  • Varemottak / Vareplassering
  • Kasse
  • Tipping / post
  • Forfallande reinhald og rydding
Vi ser etter deg som er:

Påliteleg, hjelpsam og imøtekommande, og du set alltid kunden først. Du jobbar strukturert og sjølvstendig, kan være fleksibel, har gode samarbeidsevner og ei positiv haldning. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.

Hos oss får du

Varierte arbeidsoppgåver og løn etter tariff. Du får god opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom e-læringskursa våre. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtalar. Vi har rabattavtalar for tilsette. Ynskjer du å utvikle deg vidare i butikkfaget, har vi opplæringsmogelegheiter hos oss i Coop Nordvest.

Høyrest dette ut som noko for deg, så håpar vi at du søkjer. Spørsmål om stillinga kan rettast til

Butikksjef Jorunn Kristin Brekke på tlf. 952 78 797.

Søknad og CV registrerast digitalt på: www.deibestefolka.no

Søknadsfrist: 31. desember 2025

Om bedriften

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 189 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f96b0f0-afd0-4c99-b095-b05f184c2884

Sist endret

1. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

441177756

Lignende annonser

Laster lignende annonser