Hopp til innhold

Lærarstillingar 

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy

Om jobben

Stillingstittel
Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing lærarstillingar skuleåret 26/27
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Om stillingane 

Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule, har frå nytt skuleår ledig fylgjande: 

  • 100% vikariat som lærar, i perioden 01.08.2026 - 18.12.2026
  • 80% vikariat, med moglegheit for høgare prosent, i perioden 01.08.2026 - 31.07.2027 

Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Det er pr. no 45 elevar ved skulen. Klikk deg inn her for å lese meir om skulen. Ved Byrknes barnehage og skule er det læring og trivsel som står i høgsetet. Eininga er oppteken av å ha eit trygt og godt skulemiljø, kor gode relasjonar mellom elevar og vaksne vert verdsett høgt for å få ein god skulekvardag.


Arbeidsoppgåver/kompetanse 

Byrknes barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10-skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Alle fag kan vere aktuelle, men til desse vikariata ser ein i utgangspunktet etter grunnskulelærarar 5. - 10. klasse med kompetanse innan; matte, naturfag, musikk, kunst- og handtverk og engelsk. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er naudsynt, samt gyldig politiattest på dei som vert tilsett. 


Personlege eigenskapar 

  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Kontaktpersoner for stillingen

Anne Lise Pedersen Hodnekvam

Avdelingsleiar skule ved Byrknes barnehage og skule

+4792641781

anne.lise.pedersen@gulen.kommune.no

Mona Haveland Midtun

Einingsleiar Byrknes barnehage og skule

+4757781711

mona.h.midtun@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f96605f-781a-4cc0-b93b-9ad59d52864a

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289014

Lignende annonser

Laster lignende annonser