Gloppen Hotell søker resepsjonist med hjarte for godt vertskap
Gloppen Hotell
Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Resepsjonist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Vi søker ditt smil og hjelpande hender. Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, avkoblande omgjevingar og personlege service. Vi ønsker at våre gjestar skal oppleve godfølelsen hos oss. Som resepsjonist og konferansevert er du sentral i gjesteopplevinga og ofte det første møte med gjesten. Du vil også vere ein sentral person i kommunikasjon mellom avdelingane, og du vil vere delaktig i planlegging og gjennomføring av selskap og tilstelningar hos oss.
Vi søker deg som:
- likar å vere der det skjer og er fleksibel.
- brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.
- trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.
- er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
- snakkar skandinavisk og er god på kommunikasjon.
- synes det er greit at arbeidstidene vil variere, med ei fordeling mellom dagtid og kveld, vekedager og helg.
Vi tilbyr deg:
- gode moglegheiter for å vekse i stillinga.
- god opplæring og varierte arbeidsoppgåver.
- medlemsfordelar i kjeden, Classic Norway Hotels.
- deltaktig i vidareutvikling av hotellet.
- å bli del av eit hotell-team som har fokus på å spele kvarandre gode.
Kan du tenke deg å jobbe hos oss? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Smil frå team-Gloppen Hotell :)
Om bedriften
Gloppen Hotell har tradisjonar tilbake til 1829. Hotellet ligg i Nordfjord i hjartet av Fjord Norge og er kjende for vår prisvinnande lokalmat, store aktivitetstilbod og laksefiske. Hotellet er i stadig utvikling og vi søker no etter ein ny, motivert ansatt som vil vere med i eit dynamisk, ungt og utviklingsorientert team.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2287226
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4f80032a-e9a3-494b-86e8-00667266fc21