Endeleg ledig stilling som pedagogisk leiar i Sjøliv FUS
Sjøliv FUS barnehage as
Makkhamn 43, 5384 Torangsvåg
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage!
Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skaper framtida, og vi søkjer ein engasjert barnehagelærar/pedagogisk leiar som vil vere med på denne reisa.
Sjøliv FUS barnehage ligg i nesten sjøkanten i Makkhamn på Hundvåkøy. Barnehagen opna i 2007 og fekk eit påbygg i 2010. Det er plass til 82 barn i barnehagen. Barna er i dag fordelt på 4 baser, Havørn, Hjerteskjell. Kamskjell og Kokkelur. Ved bryggja ligg Sjøsprøyt, ei austevollsnekke som tek oss med på mange eventyr på sjøen.
Me har et mål om at alle barn skal få ein mest mulig trygg og forutsigbar kvardag. Barn som har trygge rammer og gode relasjonar til vaksne er meir sjølvsikre, harmoniske og sosiale. Trygge barn har ein emosjonell tryggheit overfor omsorgspersonar – både når det gjeld gode og vonde følelsar. Barn som er trygge utforskar, utviklar sosiale ferdigheiter, tileignar seg ny kunnskap, er glade, leiker, samhandlar og dannar og opprettheld vennskap. Det er difor viktig at tilsette oppnår trygg og god relasjon til barna.
Me arbeidar for å lage eit pedagogisk miljø som tek barn på alvor, og som vil gje barnet følelse av å meistre. I eit anerkjennande pedagogisk miljø er det lagt til rette for at barn utviklar seg som individ med eit godt sjølvbilete og sjølvkjensle.
Er du klar for å bli med på leiken på vårt lag?
Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eiga kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andres kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar? Ja? Då kan det vere akkurat deg vi ser etter! Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vere:- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Vere ein del av barnehagen sitt leiarteam – bidra til å rettleie og utvikle potensialet hos andre
- Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
- Sjå barnehagen i eit heilskapleg perspektiv, og samtidig bidra til heilskapleg omsorg for det einskilde barnet
- Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
- Opplæring gjennom vårt kompetansehevingsprogram Barnet først!
- Moglegheit til å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
- Moglegheit til å vere med og vidareutvikle barnehagen
- Moglegheita til å bli ein del av ein større kjede med høgt fagleg fokus
- Gode løns- og pensjonsvilkår (Evt. legg inn løn etter lokale avtalar)
- Eigne FUS-klede
- Er utdanna barnehagelærar
- Har eit sterkt engasjement for barnehagefaget og likar å halde deg fagleg oppdatert
- Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, føresette og kollegaer
- Er oppteken av endringsarbeid og evnar å engasjere personalet
- Ønskelig med båtførerbevis
- Kjennskap til CLASS
Søkjarar vil bli vurderte ut frå personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har som mål å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidreg til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjend politiattest i samsvar med barnehagelova, som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.
Vår ambisjon er å sette en ny standard for kvalitet i barnehagen, å bli selve referansen i bransjen. Det klarer vi bare med å bygge det beste laget, med de flinkeste medarbeiderne. Derfor satser vi tungt på forskning og utdanning, og samarbeider med ulike universitet og høyskoler. Vi er opptatt av å være en lærende organisasjon. Vår største satsning er Barnet Først, et barnehagebasert kompetanseutviklingsarbeid i alle våre barnehager som har søkelys på å øke prosesskvaliteten mellom ansatte og barn i avdelingene. Som ansatt i Fus blir du en del av et stort og profesjonelt fellesskap med barnehager fordelt i 85 kommuner med over 3500 ansatte og 14 000 barn.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4f301129-47cf-4f74-ac60-fd1fbac528af
- Hentet fra
talentech
- Referanse
29be3ae0932943b7b557211385b4be4c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sævarhagen FUS barnehage as
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Bekkjarvik maritime FUS barnehage as
Sted
Bekkjarvik
Arbeidsgiver
Havhesten FUS barnehage as
Sted
Kolltveit