Vil du bruke fagkompetansen din til å gje barn ein god start på livet?
Sævarhagen FUS barnehage as
5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
I FUS har me store ambisjonar – me ønskjer å bli best på barnehage!
Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skaper framtida, og me søkjer ein engasjert pedagogisk leiar som vil vere med på denne reisa.
Sævarhagen FUS barnehage ligg vakkert til ved Hystadmarkjo på Leirvik, med utsikt utover sjøen og Langenuen. Me er lærarutdanningsbarnehage og samarbeider tett med HVL om studentar og forskings- og utviklingsarbeid. Me vert jevnleg invitert inn på campus på studentframsyningar, noko me syns er veldig kjekt! Satsingsområda våre er friluftsliv, nærmiljø og magiske opplevingar. I dette arbeidet nyttar me oss av prosjektarbeid som metode, der barna sine stemmer er viktige bidragsytarar. Me har vasstilvenning i basseng for 4-års gruppa, og vasstilvenning i sjø/coastering for 5-års gruppa. Personalet vårt er varme, imøtekomande og byr på seg sjølv! Arbeidsmiljøet vårt er kjenneteikna av mykje humor og glede, høg trivsel, stor fleksibilitet og evne til å finne gode løysingar. Me har kokk, minibuss og båt som vert aktivt brukt av barnegruppene.
Søknadsfrist: Snarast og innan 2.november 2025
Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eiga kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andres kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar? Ja? Då kan det vere akkurat deg me ser etter! Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vere:- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Vere ein del av barnehagen sitt leiarteam – bidra til å rettleie og utvikle potensialet hos andre
- Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
- Sjå barnehagen i eit heilskapleg perspektiv, og samtidig bidra til heilskapleg omsorg for det einskilde barnet
- Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
- Opplæring gjennom vårt kompetansehevingsprogram Barnet først!
- Moglegheit til å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
- Moglegheit til å vere med og vidareutvikle barnehagen
- Moglegheita til å bli ein del av ei større kjede med høgt fagleg fokus
- Gode løns- og pensjonsvilkår
- Eigne FUS-klede
- Er utdanna barnehagelærar
- Har eit sterkt engasjement for barnehagefaget og likar å halde deg fagleg oppdatert
- Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, føresette og kollegaer
- Er oppteken av endringsarbeid og evnar å engasjere personalet
- Er god på å bygge relasjonar og skape tillit
- Er strukturert og god på å sjå sjå heiilskapen og finne gode løysingar
Søkjarar vil bli vurderte ut frå personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har som mål å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidreg til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjend politiattest i samsvar med barnehagelova, som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.
Vår ambisjon er å sette en ny standard for kvalitet i barnehagen, å bli selve referansen i bransjen. Det klarer vi bare med å bygge det beste laget, med de flinkeste medarbeiderne. Derfor satser vi tungt på forskning og utdanning, og samarbeider med ulike universitet og høyskoler. Vi er opptatt av å være en lærende organisasjon. Vår største satsning er Barnet Først, et barnehagebasert kompetanseutviklingsarbeid i alle våre barnehager som har søkelys på å øke prosesskvaliteten mellom ansatte og barn i avdelingene. Som ansatt i Fus blir du en del av et stort og profesjonelt fellesskap med barnehager fordelt i 85 kommuner med over 3500 ansatte og 14 000 barn.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dbdf501f-0ecb-4bd6-8b19-37fc7c5dbb82
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad85b007f58744bcb9444e795d132af6