Sjukepleiar Barnebustad og avlasting
Avlastingsbustad for barn, Haram kommune
Ulvestadvegen 6, 6265 Vatne
Om jobben
- Oppstart
- 1. oktober 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Stillinga er for tida ledig i avdeling barnebustad og avlasting.
Stillinga er ledig frå 1 oktober 2026, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg.
Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Basen for butenesta er lokalisert i Brattvåg, og enkelte dagar kan oppmøtestaden vere der i samband med medikamenthandtering, møte og andre arbeidsoppgåver. Som sjukepleiar ved Solbakken blir du ein del av eit tverrfagleg team saman med dyktige miljøterapeutar og andre medarbeidarar med helsefagleg kompetanse. Dette gir eit godt fagmiljø med høve til samarbeid, læring og fagleg utvikling.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 var Butenesta med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane.
Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Primærkontaktrolle.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
- Politiattest er eit krav.
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd.
- Du er lojal og stabil.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.noArbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5157992025
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 30.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4f2ab939-e2a1-48b7-bb9c-1b3865559d63
- Sist endret
10. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23fb5b90d24d495e8b870b17a97a1402