89% Vikariat, pedagogisk medarbeidar i skule/SFO
Austrheim kommune
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Om jobben
- Stillingstittel
- 89% Vikariat pedagogisk medarbeidar i skule og SFO
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 89%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. juni
Om stillinga
Stillinga er eit vikariat i perioden 01.08.26-30.04.27. Stillinga føl skuleruta og løn/stillingsprosent er då på 89%. Som pedagogisk medarbeidar på Kaland skule vil du jobbe på ein skule med om lag 80 elevar, der vi systematisk jobbar med å skape
eit trygt og inkluderande skulemiljø. Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som støttar kvarandre og legg til rette for fagleg og personleg utvikling.
Skulen har god tilgang på både trykte og digitale læremiddel, noko som gjer det enklare å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev sine behov. Vi har oppdaterte klasserom og spesialrom, i tillegg til eit variert uteområde som gir moglegheiter for fysisk aktivitet for alle.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til oppfølging av enkeltelevar og grupper i skuletida
- Tilsyn med elevar i friminutta
- Vera med klassar/SFO i bassenget
- Legge til rette for og gjennomføre oppgåver med elevar/grupper på SFO
- Lage til mat saman med elevgrupper på SFO
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev i barne-og ungdomsarbeid er ønskeleg
- Gyldig politiattest
- Må kunne symje og vera villig til å ta livreddarprøve
Kven ser vi etter?
Me ser etter deg som likar å jobbe med barn, og som trivast i ein variert og aktiv kvardag. Du ser den enkelte eleven og møter dei der dei er, med omsorg og forståing. Du er raus, varm og tydeleg, og med ditt positive vesen bidreg du til å skape ein god kvardag, både for elevane og
blant kollegaene. Du er robust, har eit glimt i auga og møter utfordringar med eit smil. Du er ansvarsbevisst og påliteleg.
Me tilbyr
- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- God pensjonsordning gjennom KLP
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4f19c2bc-2a24-40d9-8293-0a44bd8ffc18
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297969