Hopp til innhold

Jurist

Arbeidsgiver

Kommunedirektør, Ørsta kommune

Sted

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Jurist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Vi har frå 01.08.2026 ledig stilling som jurist i Ørsta kommune. Stillinga er lagt til kommunedirektøren sin stab og har for tida tenestestad Ørsta rådhus. Dette er ei av to juriststillingar i kommunen. Eit team som saman skal kunne dekke alle områda i kommunen vår.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og sakshandsaming innan juridiske spørsmål, kvalitetssystem og internkontroll for heile organisasjonen
  • Aktuelle oppgåver vil mellom anna vere i samband med teknisk drift, plansaker, eigedomsrett og inngåing av byggjekontraktar, grunnerverv
  • Arbeid med grunnleggande prosedyrar og rutinar, med vekt på tverrfagleg samarbeid
  • Støtte kommunedirektør i arbeidet med utarbeiding og oppfølging av politiske vedtak, og prosessar knytt til dette

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen, gjerne spisskompetanse innanfor regelverket for kontraktsrett og forvaltningsrett
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Relevant arbeidserfaring, erfaring innan kontraktsrett vil kunne vere ein føremon
  • Det vil vere ein fordel at du har erfaring/kompetanse i å leie forhandlingar
  • Er utviklingsorientert og serviceinnstilt
  • Gode samarbeidsevner
  • Kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Eit godt arbeidsmiljø  med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling  med formål å gje ein bedre og meir effektiv tenesteproduksjon
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju
Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk. Prøvetid 6 mnd, der fråvær går til fråtrekk.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Kari Flø, Kommunedirektør, 47639076, kari.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5098588984
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Kari Flø

Kommunedirektør

47639076

kari.flo@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f199cb1-253e-4113-befd-90de74e71351

Sist endret

24. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5b4494cb49934d94a579cd2f4090fcb9

Lignende annonser

Laster lignende annonser