Vil du jobbe i vår køyretøyverkstad og vere ei viktig brikke for å oppretthalde stabil drift ved Hydro Husnes?
Hydro
Husnes
Om jobben
Stillingstittel
Køyretøymekanikar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Sidan 1905 har Hydro utvikla naturressursar til verdifulle produkt for menneske og verksemder, med fokus på trygge og gode arbeidsplassar for våre 30 000 tilsette på fleire enn 140 stader i verda.
Hydro skal vere leiande i arbeidet med å utforme ei bærekraftig framtid og ønskjer å skapa meir livskraftige samfunn gjennom nyskapande og effektiv utvikling av naturressursar til løysingar og produkt som betyr noko.
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 340 ansatte.
Køyretøyverkstaden inngår i Teknisk Eining og har som mål å reparere og vedlikehalde produksjonskøyretøy til metallverket. Teamet består av 14 fast tilsette, samt 1 lærling.
Me søkjer no etter ein kjøretøymekanikar til vår verkstad. Stillinga er ei viktig brikke for å oppretthalde stabil drift og oppetid på kritisk utstyr.
Ansvarsområde
Som køyretøymekanikar vil du jobbe i vår køyretøyverkstad og utføra førebyggjande, planlagt og korrektivt vedlikehald på eit stort utval av køyretøy.
Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:
• Vedlikehald av maskinparken til verket
• Dagleg oppfylgjing av utstyr og maskiner
• Vere ein pådrivar i HMS-arbeid
• Vere ein pådrivar i standardiserings- og forbetringsarbeid
• Rapportere i Hydro Husnes sitt vedlikehaldssystem
Kvalifikasjonar
• Fagbrev som anleggsmaskinmekanikar eller anna relevant fagbrev innan til dømes bilfag
• Kompetanse og erfaring frå vedlikehald av anleggsmaskiner
• Interesse og erfaring innan digitalisering/automatisering er ein fordel
• Kompetanse og erfaring innan hydraulikk og elektrisk er ein fordel
• Førerkort klasse B
• Evne til å nytta digitale arbeidsverktøy
• Evne til å utføre jobben i henhold til AMBS-prinsippa og Hydro sine verdiar
• Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Som person er du initiativrik, fleksibel og strukturert. Du jobbar godt sjølvstendig, men fungerer og bra i team. Du ser verdien av å dele kunnskap, har godt humør og held hovudet kaldt i ein hektisk kvardag.
Som køyretøymekanikar vil du bli ein del av vaktordninga ved verket. Det er derfor viktig at du bur i nærleiken for å ha moglegheit til å rykke ut raskt på utkallingar.
Stillinga rapporterer til Områdeleiar Køyretøy.
Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse
Me tek kun imot elektroniske søknadar, søknadsbrev og CV vert ikkje tekne imot på epost.
Hydro går i ein ny og spanande retning, og me er avhengige av ulike perspektiv for å løyse oppgåvene våre og møte kundane sitt behov. Me byggjer på våre tre kjerneverdiar – omtanke, mot og samarbeid – og har som mål å ha eit bærekraftig arbeidsmiljø med høg prestasjon basert på inkludering av forskjellige menneske.
Om bedriften
Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid?
Med sine 30 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium, metallgjenvinning og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse.
Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.
Klikk her for å utforske vår verden og kjernen i vår virksomhet.
Sektor
Privat