Spesialsjukepleiar/Sjukepleiar
BUP poliklinikk, Haugesund
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sykepleier - fast poliklinikk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Er du engasjert og deler gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere den nye sjukepleiaren vi leitar etter! Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0–18 år), og består av to poliklinikkar og ein døgnpost.
Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge. Hos oss blir du ein del av eit engasjert og dyktig fagmiljø, der rause og trivelege kollegaer støttar og inspirerer kvarandre kvar einaste dag. Vi nyttar kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som familiebasert terapi (FBT) og kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrringar (CBT-E).
Hos oss står samarbeid i sentrum. Her får du ein jobb der du kan utvikle deg fagleg, bidra til noko meiningsfullt – og samtidig trivast på jobb!
Sjå filmen og bli betre kjent med oss: Barn og unges helseteneste
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Vere behandlar i spiseteamet.
- Utføre medikasjonskontrollar ved ADHD.
- Ha kontakt med føresette og aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
- Bidra fagleg gjennom undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverk.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Må ha autorisasjon som sjukepleiar.
- Erfaring med samhandling med kommunale instansar som arbeider med barn og unge.
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, inkludert opplæring og veiledning av pasientar og pårørande, samt utgreiing, oppfølging og behandling av spiseforstyrrelser og ADHD.
- Gode kunnskapar i norsk er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring på norsk, må som minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon skal leggjast ved søknaden.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:- likar å arbeide med barn, ungdom og pårørande
- har interesse for barne- og ungdomspsykiatri.
- har evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og i høgt tempo.
- er kreativ, nytenkjande og liker å lære
- trivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper, og formidlar kunnskap på ein tydeleg måte
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kolleger.
- Regelmessig internundervisning og rettleiing.
- Moglegheiter for vidareutdanning.
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850, georg.walter.reinhardt@helse-fonna.noIngrid Hagen Vika, Funksjonsleiar/psykologspesialist, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5034274700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Ingrid Hagen Vika
Funksjonsleiar/psykologspesialist
52732850
Lene Elisabeth Nordtveit
Sekretær
52732850
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4f00e4b3-ee0d-46ac-bfed-14e28817de22
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f1027277af5444f1a247bd8954cf8b62
Lignende annonser
Arbeidsgiver
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Felles akuttmottak, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Sykepleier
Arbeidsgiver
Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund
Sted
Haugesund