Off. godkjent helsefagarbeidar - vikariat 85 % stilling natt
Vartdal helsetun
Dalevegen 6, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar
Oppstart
14. april 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 85%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du helsefagarbeidar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 85 % vikarstilling for helsefagarbeidar på natt for perioden 14.4.2025-31.01.2026, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av avdelinga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Vartdal helsetun er lokalisert ca.24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen.
Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte.
- Helsefaglege oppgåver
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Vegleiing og opplæring av medarbeidarar
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Oppfølging og implementering av rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar. Søkjarar med anna relevant helsefagleg utdanning kan også verte vurderte for stillinga
- Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Det er ein fordel med førarkort klasse B og manuellt gir.
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tek initiativ og ansvar
- Relevant arbeidserfaring
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: Nattarbeid - innebærer helgearbeid kvar 3.helg.
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming og fastsetjing av rett ansiennitet og løn. Vi ber om at du lastar opp desse i søknaden.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette
gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har
jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar
knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglovaI samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4935711417
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Startdato: 14.04.2025
Sluttdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 30.03.2025
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2888569
- Hentet fra
talentech
- Referanse
265ea4f509b644d1978006ced8b44955