Forskar ved Insititutt for Biomodisin
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 91, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Forskar ved Insititutt for Biomodisin
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %).
Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Defining a new cellular stress response pathway in cancer». Prosjektet har ei førebels finansiering i 4 år med oppstart 1. januar 2026.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektets hovudmål er å kartleggje korleis kreftcelle responderer på stress. Spesifikt vil prosjektet fokusere på post-translasjonelle modifiseringer av chaperon og deira rolle i stressede kreftcelle. Forskningsgruppa vår ved UiB (https://www.uib.no/en/rg/protein) har identifisert og karakterisert fleire humane acetyltransferasar som er grunnlaget for dette arbeidet.
Hovedoppgåvene til forskaren vil vere planlegging, utføring og analyse av forskningseksperiment på chaperon acetylering i kreftcelle innan rammene for dette Kreftforeningsprosjektet. Både standard og avanserte metodar innan molekylærbiologi og cellebiologi er naudsynte for å utføre prosjektet.
Forskaren skal fungere som ein sjølvstendig person med ansvar for nøkkeldelar av Kreftforeningsprosjektet frå ide til publisering. Samstundes skal forskaren samarbeide med andre medlemmer av laboratoriet for å oppfylle hovudmål i prosjektet. Forskaren skal og kunne ha ansvar for veiledning av studentar på BSc, MSc og PhD nivå.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha relevant ph.d. – grad eller tilsvarande doktorgrad
- Forskaren må ha omfattande røynsle innan molekylærbiologiske teknikkar og kreftcelledyrkning, fenotyping, og genmanipulering (overekspresjon, knockdown, etc.)
- Kandidaten må beherske kreftcellemikroskopi, inkludert digital holografisk mikroskopi av levande kreftcelle for å analysere kreftcellemobilitet.
- Røynsle med massespektrometri av proteinmodifiseringar er naudsynt (inkludert prøvepreparering og dataanalyse).
- Kandidaten må beherske in vitro protein modifiserings enzymeassays inkludert bruk av radioaktive isotoper.
- Røynsle med S. cerevisiae (gjær) dyrkning og grunnleggjande molekylærbiologiteknikkar vart krevd.
- Søkjar må ha vore veiledar for minst ein Masterstudent og kunne skrive manuskript, inkludert minst fem første- (og/eller korresponderande) forfattarskap av fagfellevurderte artiklar.
- Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
- Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan proteinmodifiseringar og kreftcellebiologi
- Løn for tida kr 660 00 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 00, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
- Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
- forskingsgruppa
- Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor, Thomas Arnesen, (e-post: thomas.arnesen@uib.no, telefon: +47 55586694 )
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4ed50592-b020-4b3c-aaa0-e896cc6d38eb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258753