Grunnskoleteamet
Pedagogisk fagsenter
Borgundfjordvegen 116, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Grunnskoleteamet
Oppstart
1. november 2023
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Antall stillinger
1
40 % fast stilling ledig i Grunnskoleteamet frå 01.11.23.
Grunnskoleteamet rettleier og bidreg til kompetansehevande tiltak for å førebygge og handtere bekymringsfullt skolefråvær og åtferd som utfordrar i grunnskolen. Grunnskoleteamet jobbar tett saman med PPT Grunnskole. Teamet arbeider også direkte med elevane. Grunnskoleteamet samarbeider med skole og andre aktuelle instansar tverrfagleg for å skape felles forståing som utgangspunkt for tiltak som styrkar positiv utvikling hos eleven. Teamet jobbar etter prinsippa om "til beste for barnet" og at «varig endring hos barn og unge krev varig endring hos vaksne».
Vi har fokus på inkludering og ønskjer å vere tett på våre samarbeidspartnarar. Målet er å kome tidleg inn og bidra til auka kvalitet på det ordinære tilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein løysingsorientert og fagleg kompetent samarbeidspart for skolane
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid knytt til førebygging og tidleg innsats
- Rettleiingsarbeid og kompetanseheving
- Direkte arbeid med elevar
- Aktiv deltaking i team og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Minimum tre års utdanning frå høgskole eller universitet innan det pedagogiske eller sosialfaglege feltet med særleg kompetanse innan bekymringsfullt skolefråvær og åtferd som utfordrar
- Relevant arbeidserfaring og kompetanse innan familieterapeutisk tilnærming vil bli vektlagt
- Kompetanse i forhold til å fremje endringsprosessar både på individ- og organisasjonsnivå
- Rettleiingskompetanse
- Interesse for å utvikle og halde foredrag/kurs
- Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonseigenskapar og samarbeidsevner
- Evne og vilje til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
- Engasjert og fleksibel
- Løysingsorientert og evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø
- God relasjonskompetane , raus og evne til refleksjon
- Evne og vilje til å arbeide kunnskaps- og forskingsbasert
- Referansar og personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit travelt, men godt arbeidsmiljø
- Eit fagmiljø som prioriterer kompetanseheving og fagutvikling
- Intern rettleiing og oppfølging
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Ein arbeidsplass om er inkluderande arbeidsliv (IA) - bedrift
- Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Ålesund kommune
Kontaktinformasjon
Solfrid Stavdal, Verksemdsleiar, 412 98 311, solfrid.m.stavdal@alesund.kommune.noElisabeth Halsebakke, Fagleiar Grunnskoleteamet, elisabeth.halsebakke@alesund.kommune.no
Gry Marie Tømmerdal Rennan, Avdelingsleiar, gry.marie.tommerdal.rennan@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Borgundfjordvegen 1166017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4704337193
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.11.2023
Søknadsfrist: 24.09.2023
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2431080
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b221e62d6d41489e9bfa8011b1db3c59