Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 2 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsebøen, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Medisinsk sengepost 2 er ein heildøgns sengepost med 24 sengeplassar, fordelt på teamene Nyre, Infeksjon, Gastro. I tillegg til å ta i mot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vi arbeider i team og har eit tett samarbeid med ulike faggrupper og yrkesgrupper i avdelinga. Vi arbeider nært saman med medisinske poliklinikkar og fleire av våre tilsette har kombinerte stillingar mellom sengepost og poliklinikk. Du vil få varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø.
Som nytilsett vil ein primært jobbe med eit fagområde og jobbe tett saman i team med andre sjukepleiarar og helsefagarbeiarar. Dei tilsette ved sengeposten er fagleg dyktige og engasjerte. Avdelinga har eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø. Vi legg særleg vekt på fagleg utvikling og innovasjon, med fokus på nytenking og utviklinga av framtidas helseteneste. Vi har framtidas pasientrom på avdelinga der vi har moglegheiten til å teste ulik sensor- og velferdsteknologi. For kvart fagfelt har vi fagsjukepleiarar som jobbar for å heve fagkompetanse og vidareutvikle avdelinga. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene som vi tilbyr og håpar difor at du er fagleg engasjert og oppteken av å utvikla deg vidare.
Vi har stort fokus på helseturnus i avdelinga. Du kan velje mellom arbeid kvar tredje helg eller 12-timers vakter kvar fjerde helg. Tilsette kan då velje den turnusen som passar best for seg ved å legge inn ynskjer ein måtte ha. Det kan verte høve til nattevaktsstilling om ynskjeleg. Ved intern omrokkering kan andre stillingar og anna stillingsprosent bli ledig, samt det er høve for ekstra vakter.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
- Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
- Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasienttryggleik
- Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
- Utøving av god omsorg til pasient og pårørande
- Bidra til fagutvikling i avdelinga
- Bidra aktivt i avdelinga sitt forbetringsarbeid
- Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Studentrettleiing (dersom nyutdanna, så har ein ikkje veiledaransvar før ein har jobba eitt år)
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- 3 års sjukepleiestudentar kan også bli vurdert
- Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
- God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg, evt anna skandinavisk språk Fagleg dugleik og fleksibilitet i høve til oppgåver
Personlege eigenskapar
- Positiv og fleksibel
- Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
- Fagleg engasjert
- Teamorientert
- God kommunikasjon og samhandling
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, +47 70105792Arbeidsstad
Åsebøen6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4989676010
Stillingsprosent: 75%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 20.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Marthe Louise Rekdal Farstad
Seksjonsleiar
+47 70105792
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4eca8574-fdaa-4ec1-822e-00ea290c1de1
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ecc0109a37b4085b5f5216ca635357e