Assisterande instituttleiar energi og landskap
Høgskulen på Vestlandet
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande instituttleiar med ansvar for energi og landskap
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. november
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Institutt for bygg-, miljø – og naturvitskap er det frå 01.01.2026 ledig ei 4-årig åremålsstilling som assisterande instituttleiar energi og landskap
Om stillingaFakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar for perioden 01.01.2026 - 31.12.2029
Som assisterande instituttleiar vil du saman med resten av leiarteamet få moglegheit å vere med og forme og utvikle retninga til instituttet og fakultetet. Du vil inngå i og leie fagmiljø som er i godt driv. Det er òg moglegheiter for kompetanseheving og -utvikling.
Det vil også vere noko koordinering av oppgåver mellom campus, og det må påreknast ein del reiseverksemd mellom campusane.
Assisterande instituttleiar er del av instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag. Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.
Arbeidsplassen vil vere ved campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø både for dei tilsette tilknytta fagområda energi og landskap, og elles på instituttet
- Ivareta personal- og HMS-ansvar for ein del av instituttet sine tilsette
- Ha ansvar for å lage arbeidsplanar og delta aktivt i personalplanlegging og ressursutnytting
- Ha særleg ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sitt fagområde med fokus på energi og klima
- Bidra med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor og masternivå og innan etter – og videreutdanning
- Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
- Arbeide for internasjonalisering i utdanning og forsking
- Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
- Bidra til godt samarbeid på tvers av campus og på tvers av institutt
- Bidra til å vidareutvikle relasjonane til instituttet sine samarbeidspartnarar
- Ha ansvar å halde økonomiske rammer, og sikre formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet
Det kan inngå andre arbeidsoppgåver i stillinga etter avtale med instituttleiar. Døme på slike oppgåver er studieprogramansvar, relevante undervisnings- og/eller forskingsoppgåver eller andre leiaroppgåver.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
- Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
- Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt. Dette kan inkludere studieprogramansvar, forskingsgruppeleiing, prosjektleiing og anna.
- God innsikt i høgskulen sitt samfunnsoppdrag
- God erfaring frå, og/eller solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
- Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- God pedagogisk kompetanse, god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
- God forståing for digitale løysingar
- Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
- Gode leiareigenskapar
- Ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
- Kan kommunisere, samhandle og bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
- Kan delta aktivt i faglege diskusjonar og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre
- Har evne til strategisk heilskapleg perspektiv
- Har eit stort engasjement for å nå høgskulen og fakultetet sine ambisjonar
- Må kunne handtere komplekse utfordringar
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar.
Fakultetet har fem institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusa i Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap held til ved HVL sine campusar i Bergen og Sogndal og driv forsking og utdanning innan bygg- og anleggsfag, areal og landmåling, energiomstilling, klimaendringar og klimatilpassing, byplanlegging og naturvitskap. Instituttet har om lag 100 tilsette frå 20 nasjonar og 900 studentar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4e9a0666-7e65-4d25-88d2-d2787cd49df2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266590