Fagutviklingssjukepleiar
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Skulevegen , 6856 Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
For å kunna møta dagens og framtidas utfordringar, treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar. Heimetenesta avdeling Sogndal har ledig ein fast 100% stilling som fagutviklingssjukepleiar dagtid med arbeid kvar 6.helg.
Fagutviklingssjukepleier skal bidra til at avdelinga realiserer tenesta sine mål og planar innan heimetenesta. Stillinga inneber medansvar for kompetanse- og kvalitetsutvikling i tenesta. Som fagutviklings sjukepleiar vil du få anledning til å drive fagutvikling og kompetanseheving, saman med mange dyktige medarbeidarar. Du vil og ha tett samarbeid med dei andre fagutviklingssjukepleiarane i kommunen. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli teken godt imot.
Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper og intravenøs behandling.
Arbeidsoppgåver:
- Følgje opp og rettleia nytilsette og studentar/lærlingar/ferievikarar.
- Opplæring og rettleiing av sjukepleiefaglege prosedyrar.
- Planlegge og organisere internundervisning/kurs/fag dagar, samt undervise sjølv.
- Arbeide for gode samarbeidsforhold i dei interne og eksterne einingane.
- Legge til rette for implementering av velferdsteknologiske løysningar.
- Følgje opp prosedyrar og Sogndal kommune sitt kvalitetssystem.
- Fagsjukepleiar jobbar tett i med avdelingsleiar og tenesteleiar.
- Skrive søknadar for aktuelle prosjektmidlar samt være med å leie prosjektarbeid.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleiefag.
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg.
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt.
- Førarkort KL B.
Personlege eigenskapar:
- Samarbeidsevne, for å nå felles mål.
- Være pådrivar for kvalitets- og fagutviklingsarbeid.
- Evne og interesse for å rettleie, samt undervise
- Evner å arbeide strukturert og ha mange ballar i lufta
- Er nytenkande med ynskje om å vidareutvikla ein god organisering av heimetenesta.
- Fleksibel, strukturert og målretta.
- Løysning/utviklingsorientert, skape resultat saman med andre.
- Munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Skape tillit og aksept og eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Varierande arbeidsoppgåver
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2439603
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3233625_198627_nn