Sjukepleiar/Vernepleiar
Bømlo bu- og helsesenter
Leirdalen 25, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 15. april
Bømlo Bu- og Helsesenter, avdeling Post 2 SØR, har ledig 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar. Me ser etter deg som er fagleg engasjert og som ynskjer å bidra til god sjukepleie og behandling til våre pasientar/bebuarar.
Post 2 er ein langtidsavdeling med 25 pasientrom fordelt over 3 etasjar, der kvar etg. fungera som ei eiga bueining. Målet vårt er å skapa tryggleik og trivnad i eit positiv miljø for både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
Stillinga inneber årsturnus med arbeid minimum kvar 3.helg. Ved oppstart av ny årsturnus er det mulig å ynskje seg langvaktsturnus.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
- Sjukepleieprosedyrar.
- Primærkontakt - ansvar for enkelte av pasientane.
- Dokumentasjon i elektronisk system.
- Samarbeid med tilsynslege, ergo/fysio, sjukehus, pårørande med fleire.
- Oppfylging av pasientar og pårørande.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleier/vernepleiar. Tredjeårsstudentar vert oppfordra til å søkje.
- Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Er god til å vurdere, prioritere og iverksette.
- Har gode kommunikasjonsevner og er løysingsorientert i di tilnærming.
- Er lojal og fleksibel.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og faglege utfordringar i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Chatrin Pedersen Risøy.
Kontaktinformasjon
Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar, +47 474 52 732Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4946068457
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Chatrin Pedersen Risøy
Avdelingsleiar
+47 474 52 732
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2904842
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf788b19eb3844e4b3d6dc0cf2d885ab