Pianopedagog - 40% vikariat - Alver kulturskule
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pianopedagog - 40% vikariat - Alver kulturskule
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Om stillinga
Alver kulturskule har ledig 40% vikariat som pianopedagog i perioden 01.08.2025 - 31.12.2025.
Stillinga har undervisning måndagar i kulturskulehuset i Knarvik, tysdagar på Sæbø skule og i den gamle Prestegarden på Manger.
Tilsetjinga skjer i Alver kommune, med tenestestad ved Alver kulturskule. Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Den som vert tilsett har ôg plikt til å delta på stabs- og planleggingsmøta ved kulturskulen som ein del av stillinga. Talet på møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Om Alver kulturskule
Kulturskulen i Alver er ein viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg og pedagogisk kompetanse. Kulturskulen har i dag om lag 750 elevplassar innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst, og er ein samarbeidspart for dei ti skulekorpsa i kommunen. Undervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik og finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Arbeidsoppgåver
Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel, i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
Akkompagnement av både nybyrjarar og vidarekomne elevar på ulike instrument/songarar.
Deltaking i felles kulturskuleprosjekt; konsertar og framsyningar både lokalt og regionalt.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med piano som hovudinstrument.
- Relevant erfaring som pianopedagog og akkompagnatør innan skuleslaget.
- Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
- Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede.
- Det vert gjennomført prøvespel i samband med intervju.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Kven er du?
- Du har evne og vilje til å byggja gode relasjonar, samarbeid og kunne jobba i team
- Du har godt humør, er fleksibel, løysingsorientert og har eit stort engasjement for faget og elevane
- Du tek initiativ og ansvar, og er ein positiv bidragsytar
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted