Universitetslektor (mellombels - 50 %) i logopedi
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Universitetslektor (mellombels - 50 %) i logopedi
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor
Ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i logopedi for perioden 18. februar 2027 - 31. juli 2028.
Arbeidsoppgåver:
Undervising, undervisningsadministrativt arbeid, rettleiing og sensur på masterprogrammet i logopedi.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i eit fagområde som er relevant for stillinga.
- Søkjarar må ved oppstart i stillinga kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
- Søkjaren bør ha utdanningskvalifikasjonar og/eller arbeidserfaring frå praktisk logopedisk arbeid eller eit tilgrensande fagområde.
- Arbeidserfaring frå høgare utdanning knytt til logopedi eller eit tilgrensande fagfelt er ein føremon.
- Det vil vere ein føremon om søkjaren har erfaring frå FoU-arbeid og har faglege publikasjonar som er relevante for stillinga.
- Personlege eigenskapar, som evna til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt gode samarbeidsevner, vil verte vektlagt.
- I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på moglegheita for å tre raskt inn i undervisningsoppgåvene.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Brutto årsløn som universitetslektor (kode 1009) kr 653 000 - kr 692 000. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- CV
- Vitnemål og attestar
- Namn og kontaktinformasjon til tre referansar.
- Vedlegg som dokumenterer kvalifikasjonane dine.
- Publikasjonsliste/oversikt over fagleg utviklingsarbeid.
- Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt fem vedlegg)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4e4ce1b4-8dfa-44f4-9ae5-f0122fbeabef
- Sist endret
9. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10308557