SFO-leiar Alversund skule
Alver kommune
Alverflaten 270, 5911 Alversund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar SFO, Alversund skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Om stillinga
Alversund skule søkjer etter avdelingsleiar for SFO 100% stilling frå 01.10.2025
Alversund skule er ein ny, flott barneskule, fantastisk plassert ved vakre Alverstraumen. Vi har eit dedikert team på rundt 50 tilsette, som brenn for å skape ein inspirerande læringsarena for våre 310 elevar. Vi praktiserer trinndelt undervisning, med fokus på elevmedverknad og aktiv læring.
I SFO-avdelinga vår har vi gleda av å ta imot rundt 140 glade og energiske born. I SFO er det rundt 11 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Ønskjer du å arbeide med SFO-leiing på ein triveleg og inspirerande arbeidsplass?
Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team, vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen/SFO og heimen.
Vi leitar etter deg, som kan tenkje deg varierte dagar, der du mellom anna :
- er del av leiargruppa på skulen
- er aktivt med i utviklingsarbeid, særskilt for SFO, men og for skulen
- planlegg aktivitetar for borna i SFO
- har personal- og vikaransvar for fagarbeidarar /assistentar i SFO
- deltek i arbeidet med borna i opningstida til SFO, både ute og inne
- har personalmøte kvar veke
- har ulike administrative oppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Vi ser etter ein avdelingsleiar med relevant høgskuleutdanning og leiarrøynsle.
- Du er ein tydeleg og strukturert person, som møter både elevar, føresette og tilsette på ein god måte.
- Du må ha gode norskkunnskapar, og kunne uttrykkje deg godt, både skriftleg og munnleg.
- Du er ein trygg og røynd brukar av digitale hjelpemiddel.
- Vi verdset eigenskapar som godt humør, og evne til å byggje sterke relasjonar til både born og vaksne.
- Fleksibilitet, samarbeidsevne og syn for gode løysingar, er viktige eigenskapar for å trivast på vår skule. Du har høge ambisjonar for borna, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
Som leiar av vår SFO, blir du del av eit engasjert og dyktig team. Du vil jobbe saman med flotte folk, som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtale
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen i leiargruppa vår
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4e420b21-45f2-40d0-874d-fd42fefc0efb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254654