Hopp til innhold

Helsefagarbeidar - 180 % vikariat

Arbeidsgiver

Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune

Sted

Setali 6, 3864 Rauland

Om jobben

Oppstart
2. november 2026
Stillingstittel
Helsefagarbeidar- 180% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest mandag 21. september

Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ei aktiv og innhaldsrik fritid?

Me har ledig 180% helsefagarbeider på den flotte arbeidsplassen vår:

  • 100 % vikariat som helsefagarbeider i eit år
  • 80 % vikariat som helsefagarbeidar fram til mars 2027

I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.
Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.

Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter. Ved interne rokkeringar tilset ein også i desse.

Det kan bli moglegheit for forlenging av vikariat og eventuelt fast ansettelse avhengig av avdelinga sitt behov framover.

Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. 


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta
  • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen
  • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
  • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta
  • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
  • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlingar, elevar og studentar ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Sjukepleiestudentar, elevar på sosial -og helsefag og andre med relevant erfaring kan og bli vurdert
  • Erfaring frå pleie- og omsorgtenesta er ein fordel
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

    Personlege eigenskapar

    • Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre
    • Du er fagleg nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare
    • Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
    • Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
    • Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
    • Du trivst med ansvar og tek initiativ
    • Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet
    • Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta

    Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

    Vi tilbyr

    • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde
    • God opplæring og tett fagleg oppfølging
    • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
    • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass
    • Gode lønnsvilkår med lokal stige
    • God forsikrings- og pensjonsordning
    • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

    Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
    I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

    Det er krav om politiattest og godkjend attest må leggast fram før tilsetting.

    Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

    Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

    Kontaktinformasjon

    Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553

    Arbeidsstad

    Setali 6
    3864 Rauland

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vinje kommune

    Referansenr.: 5175514630
    Stillingsprosent: 100, 80%
    Engasjement
    Startdato: 02.11.2026
    Søknadsfrist: 21.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Bjørg Kåsa Verpe

    Avdelingsleiar heimetenesta Rauland

    +47 90103553

    Om bedriften

    Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

    Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

    Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

    Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

    Me håpar du vil trivast hjå oss! 

    Les meir om livet i Vinje her  

    Sjå Vinjefilmen her 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4e2ad6fc-d2e8-4766-931d-c7c87d66d0b6

    Sist endret

    9. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    5d5255f5c5534307abf94f85dd09688d

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser