Brukarstyrt personleg assistent 2. gongsutlysning
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brukarstyrt personleg assistent
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kan du tenkje deg ei fleksibel og meiningsfull deltidsstilling som brukarstyrt personleg assistent? Likar du å gjere ein forskjell for andre menneske? Då er kanskje du den vi leiter etter!
Vanylven kommune søker etter brukarstyrt personleg assistent til ei positiv og hyggeleg dame, med nedsatt funksjonsnivå.
Stillinga utgjer 10 timar per veke, omlag 19% stilling. Stillinga er ledig frå dags dato, men start av stilling kan avtalast nærmare med brukar.
Brukaren bur i eigen, tilrettelagt bustad på Fiskå. Arbeidsstad er i hovudsak brukaren sin heim, men følge til avtalar utanom heimen må påreknast. Arbeidstida er oftast på dagtid mandag til fredag, men tilpassast etter brukar sine ynskje og behov, i samråd med assistent. Arbeidet planleggast saman med brukar som er arbeidsleiar og det krev ein viss grad av fleksibilitet frå assistent.
Det er ynskjeleg at du har erfaring med å jobbe med menneske. Har du ikkje det, men kan tenkje deg ein slik jobb er du likevel velkomen til å søkje då du vil få opplæring.
Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir utfyllande informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Følge til avtalar og sosiale aktivitetar
- Handle saman med brukar
- Praktisk bistand i heimen, husvask, klesvask
- Assistanse ved daglege gjeremål
- Personleg pleie
Kvalifikasjonar
- Erfaring med å arbeide med menneske
- Førarkort klasse B
- Meistre norsk munnleg og gjerne skriftleg
Personlege eigenskapar
- Blid og positiv
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å samhandle med tjenestemottakar
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Gode pensjonsordningar
- Fleksibel kvardag og arbeidstid
Kontaktinformasjon
Julie Strand, Avdelingsleiar heimebasert omsorg, 70030211, julie.strand@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Reitebakkvegen 236143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4879067498
Stillingsprosent: 19%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2785169
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e67070ae5d69408e98a87e0a72d5cffb