Hopp til innhold

LIS i Nevrologi. 2 faste stillingar og 3 vikariat med oppstart februar-mars 

Arbeidsgiver

Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. februar 2027
Stillingstittel
LIS i Nevrologi. 2 faste stillingar og 3 årsvikariat med oppstart februar-mars
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
5

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. november

Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"? 

Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify!
Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus.

Nevrologisk avdeling har ledig 2 faste stillingar for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi eller etter avtale, og vi lyser på same tid ut 3 årsvikariat og varigheit ut februar 2028, med gode høve for forlenging fram til spesialisering i Nevrologi. Vi ønsker oppstart i stillingane 1. februar-1. mars, eller etter avtale. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga.

Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innafor nevrologien, er det gode høve til fordjuping undervegs i spesialiseringa.  Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS

Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi. 

Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.  

Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.  
Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.   

For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost 
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga 
  • Gi god omsorg for pasient og pårørande
  • LIS deltar i poliklinisk vurdering av pasientar under supervisjon
  • Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar
  • Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi 
  • For vikariat kan Cand.med. med norsk autoriasjon, som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar
  • Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet 
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Fagleg utvikling 
  • Ein spennande og utfordrande jobb 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Petter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55976059
Andreas Vetås, LIS-tillitsvalgt, andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5205134936
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 19.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Andreas Vetås

LIS-tillitsvalgt

andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.no

Petter Schandl Sanaker

Avdelingsjef

55976059

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4e11d610-1962-4256-b30c-2537009e80d0

Sist endret

4. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b3ac35838fc849cba3481999e046fd17

Lignende annonser

Laster lignende annonser