Hopp til innhold

Sjukepleiar og vernepleiar til Psykiatrisk klinikk

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar til Psykiatrisk klinikk
Type ansettelse
Fast, heltid og deltid
Arbeidstid
Turnus, natt
Antall stillinger
8

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. 

Psykiatrisk klinikk har ledig følgande stillingar: 

*  Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg. Seksjon S6 har også ledig 80-100% fast stilling på natt, kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke

*  Avdeling Spesialisert psykose, Seksjon S5 har ledig 100% faste stillingar for sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg. I tillegg er det ledig 80-100% fast stilling på natt, kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke

Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling. 


Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. 


Arbeidsoppgåver

Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. 

Seksjon S1 er lukka døgnseksjonar med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar medan Seksjon S6 har 12 døgnplassar. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3).

Vi søker etter sjukepleiarar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. 

Kontakt, Seksjon S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Kontakt, Seksjon S6: Jan Legreid, Tlf. 55958762

Avdeling Spesialisert Psykose, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.

Seksjon S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge. Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk), tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke og alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg på. Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid.
Kontakt: Liv Mala, Tlf.  Telefon:55958706

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5201129412
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Karina Vorland Løvstad

Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret

karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Sjå kontaktperson

oppgitt for den enkelte avdelinga

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9454ae47-9302-41ee-9aeb-3a0d8235b0eb

Sist endret

29. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0bad58cf79ad4656bcb9644583aa62a1

Lignende annonser

Laster lignende annonser