Servicemedarbeidar
Brønnøysundregistrene
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Servicemedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vi søker ein serviceinnstilt medarbeidar til servicesenteret. Du blir en del av eit lite, men viktig team.
Du skal jobbe med oppgåvene i servicesenteret, med særleg vekt på resepsjonsteneste og kundekontakt.
Dersom ein intern søkar får stillinga kan det bli eit ledig vikariat til 31.12.2025. Opplys i søknaden om dette er aktuelt for deg.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine
- tilgangskontroll, resepsjon, sentralbord og kundemottak
- intern og ekstern kundeservice
- planlegging, administrasjon og praktisk støtte til interne og eksterne arrangement, kurs og møte
- kontraktsforvaltning og dialog med kantinedrivar
- vidareutvikling og forbetring av støttesystem og interne rutinar
- generell saksbehandling innan drift av servicesenter og kontoradministrasjon
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgare utdanning innan økonomi/administrasjon, serviceleiing eller liknande. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- relevant erfaring frå serviceyrket blir vektlagt
Du må kunne bli autorisert for AVGRENSA etter sikkerheitslova. Er du utanlandsk statsborgar, skal autorisasjonsansvarleg hos oss vurdere om tilknytinga di til heimlandet og heimlandet si sikkerheitsmessige betydning utgjer ein risiko knytt til stillinga. I nokre tilfelle blir det henta inn samtykke frå Sivil klareringsmyndigheit.
Personlege eigenskapar
- du er positiv, serviceinnstilt og imøtekomande
- du er nøyaktig, fleksibel og har evne til å få ting unna
- du er stabil og påliteleg
- du ser verdien av å samarbeide med andre
- du må vere god til å formulere deg både skriftleg og munnleg
Dette får du hos oss
- fast stilling som førstekonsulent med ei årsløn frå kr 470 000 - 650 000 avhengig av kvalifikasjonane dine
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone der vi alle er på hels
- gode moglegheiter for kompetanseheving
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- moglegheit for trening i arbeidstida og godt utstyrt trimrom
- moderne kontorlokaler med utsikt over Helgelandskysten.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for arbeid, kan vi formidle kontakt med desse.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Verd å merke seg før du søker
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4dfd2765-0987-4d35-a270-cbfc4c83ae56
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10251631