Sterilforsyningsteknikar
AAM FSS sterilsentral/operasjonsavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Sterilforsyningsteknikar
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100% vikariat som sterilforsyningsteknikar med moglegheit for oppstart snarast.
Sterilsentralen og operasjonsavdelinga er organisert i Kirurgisk klinikk, Avdeling for Akuttmedisin, AAM. Leiar ved sterilsentralen er næraste overordna.
Sterilsentralen er ei serviceavdeling som utfører vedlikehald og klargjering av instrument og utstyr og steriliserar gods til alle avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Sterilsentralen har eit spesielt tett samarbeid med operasjonsavdelinga.
Avdelinga AAM er i stadig utvikling og behovet for tenester endrar seg, noko som kan medføre endring i organisering og arbeidsoppgåver. Arbeidstakar må rekne med å også arbeide i operasjonsavdelinga med reinhald av instrument. Ny operasjonsavdeling og sterilsentral opnar i slutten av 2024, og då blir reinhald av instrument flytta til sterilsentralen. Fremtidig arbeidsoppgave kan også omfatte skopivask ved spesialpoliklinikk.
Åpningstid på sterilsentral er kl. 08.00-18.00 kvardagar, dagvakt fra kl. 08:00-15:30, seinvakt kl. 10:30-18:00 / kl. 13:30-21:00. Noko redusert opningstid til dømes i sommarperioden. Åpningstidene kan bli endra.
Arbeidsoppgåver
- Utfører vasking, vedlikehald, kontroll, pakking og sterilisering av fleirgongsinstrument og utstyr
- Bruk av ulike vaske- og steriliseringsmetodar tilpassa forskjellige typar instrument
- Dokumentasjon av arbeidsprosessar og logistikkarbeid, samt kommunikasjon med alle avdelingar
- Distribusjon av sterilt eingangs-og fleirgangsutstyr skjer frå sterilsentralen sitt lager
Kvalifikasjonar
- Vidareutdanning i Spesialreinhald og sterilforsyning i helsetenesta er ønskelig
- Helsefagleg bakgrunn til dømes VKI/ helsefagarbeidar
- Praksis frå steriliseringsarbeid
- Kunnskap om smittevern
- IT basiskunnskap
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Utdanningsretning: Helsefagarbeidar / Hjelpepleie
- Utdanningsnivå: Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskapar
- Lærevillig og ansvarsbevisst person
- God orden og høg hygienisk standard
- God samarbeidsevne og kommunikasjon
- Evne til omstilling
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Trivast med høgt arbeidstempo
Personlige egenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilrettelagt arbeid for å kunne ta fagutdanning i Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta
- Triveleg arbeidsplass og godt arbeidsmiljø
- God opplæring i seksjonen
- Vere med på laget for å trygge ein god pasientbehandling
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Sigrun Hoff, Seksjonsleiar, (+47) 918 27 173Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4638271971
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.04.2023
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288457
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6cb649d44c9c4d4880aab8666f305dab