Vil du bli vår nye 1.styrmann?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
5412 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
1.styrmann i sambandet Skjærsholmane - Ranavik, p.t. MF Florøy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som 1.styrmann i sambandet Skjærsholmane - Ranavik, p.t. MF Florøy.
Kvifor velje oss?
- Variert og spennande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Fleksibel skiftordning: 1 veke på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.
Arbeidsoppgåver
- Ihht aktuell stillingsinstruks
- Navigere sjølvstendig på sin vakt.
- Avløyse på dekk ved behov, som pausar og stor trafikk.
- Ettersyn av navigasjonsutstyr
- Sikre at lasting og lossing blir utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat D4
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- MES opplæring
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi søker en engasjert og ansvarsbevisst 1. styrmann med gode lederegenskaper og solid navigasjonskompetanse. Du trives med å ta ansvar for sikkerhet og operasjoner om bord, samarbeider godt i team, og er opptatt av kvalitet og service. Om desse eigenskapane beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad!
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 1 veke på, og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704, silje.hole@fjord1.noArbeidsstad
5412 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4913626965
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851449
- Hentet fra
talentech
- Referanse
54fea35396eb418d9c8ad6efab0180c6