Hopp til innhold

Jobbspesialist

Arbeidsgiver

Nav Region Vest // Askøy og Øygarden

Sted

Grønamyrvegen 18, 5353 Straume

Om jobben

Oppstart
1. desember 2026
Stillingstittel
Jobbspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 4. oktober

Vil du gjere ein forskjell for menneske som ønskjer å kome ut i arbeidslivet? Då kan dette vere jobben for deg!

Vi søkjer jobbspesialist til Arbeid med støtte! I Nav region Vest er vi på jakt etter ein kollega som ønskjer ein spennande jobb med stor fridom i kvardagen, samstundes som du arbeider etter den anerkjende metoden Supported Employment.

Vi har ledig eit inntil 1 års engasjement med oppstart ca 1. desember 2026.

Nav region Vest består av dei to kontora Nav Askøy og Nav Øygarden. Vi er om lag 140 tilsette til saman i regionen. Du vil vere ein del av ei regional avdeling der marknad, tiltak og jobbspesialistar er plasserte. Du vil ha kontortilhøyrsle ved Nav Øygarden, og vil òg vere knytt til ei avdeling der.
Nav Øygarden er lokalisert sentralt på Straume, og vi har om lag 90 tilsette. Vi har ein aktivitetsbasert arbeidsplass med stort fokus på eit godt arbeidsmiljø.

Du vil vere ein del av Arbeid med støtte-teamet vårt, som består av fem dyktige jobbspesialistar og éin metoderettleiar. Du vil følgje opp arbeidssøkjarar frå begge kontora. Primærmålgruppa er ungdom under 30 år, men vi vil og ha deltakere over 30 år. Du vil ha deltakarar i porteføljen din frå begge kontora. Vi forventar at du er til stades ved begge kontora. Den viktigaste arbeidsplassen finn du ofte ute blant folk. Meir enn 40 prosent av arbeidstida di blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegner av kandidatane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.

Kva går jobben ut på?

  • kartleggje deltakarane sine ressursar, interesser og mål, og utarbeide planar mot arbeid eller fag- og yrkesopplæring
  • følgje opp og rettleie deltakarar gjennom heile prosessen mot arbeid eller utdanning, også på arbeidsplassen
  • byggje, utvikle og vedlikehalde nettverk med arbeidsgivarar, og identifisere arbeids- og opplæringsmoglegheiter i arbeidsmarknaden
  • drive oppsøkjande arbeid overfor arbeidsgivarar for å avdekkje kompetansebehov og inkluderingsmoglegheiter
  • samarbeide med arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar, behandlarar, Nav-rettleiarar og andre relevante samarbeidspartnarar
  • motivere og støtte deltakarar og arbeidsgivarar for å skape varige løysingar for arbeid og deltaking
  • ha ansvar for framdrift, dokumentasjon og rapportering i eigen portefølje
  • arbeide etter Supported Employment-metodikken

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet.
  • erfaring med rettleiing, arbeidsinkludering og nettverksbygging
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • gode digitale ferdigheiter
  • erfaring frå Supported Employment-metodikken
  • førarkort klasse B
Det ein fordel om du har
  • kjennskap til den lokale og regionale arbeidsmarknaden
  • Kva ser vi etter hos deg?

    • du trur på at alle menneske, uavhengig av utfordringar, kan få og behalde ein ordinær jobb
    • du er god til å bygge relasjonar og kommunisere med ulike menneske
    • du er resultatorientert og samstundes oppteken av kvalitet i oppfølginga
    • du trivst med oppsøkande arbeid og samarbeid med arbeidsgivarar
    • du er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eiga portefølje

    Kvifor velje oss?

    • meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i tverrfaglege team
    • eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
    • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
    • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
    • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
    • stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 640 000 til kr 670 000. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
    Les meir om Nav som arbeidsgivar

    Kontaktinformasjon

    Vibeke Gjervik, Avdelingsleiar, 40477119, Vibeke.Gjervik@nav.no

    Arbeidssted

    Grønamyrvegen 18
    5353 Straume

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Nav

    Referansenr.: 5173022010
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 01.12.2026
    Sluttdato: 31.12.2027
    Søknadsfrist: 04.10.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Vibeke Gjervik

    Avdelingsleiar

    40477119

    Vibeke.Gjervik@nav.no

    Om bedriften

    Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

    Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

    Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

    Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

    NAVstilling

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4d4de25a-7e0d-40ab-8109-b6f38e8a3547

    Sist endret

    23. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    da3b0c0b9ba345df9a6bdda070d61920

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser